Hans Riddervold

norsk politikar og prest

Hans Riddervold (7. november 179520. juli 1876) var ein lærar, prest, stortingsmann og statsråd.

Hans Riddervold

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1795
Åsgårdstrand
Død

20. juli 1876 (80 år)
Christiania

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Religion kristendom
Hans Riddervold på Commons

Riddervold var fødd ved Åsgårdstrand i Vestfold. Far hans var skipsførar, og han var sjølv til sjøs ei kort tid. 1813 vart han student ved universitetet i Kristiania, tok andreeksamen året etter. 1814-17 var han lærar ved katedralskulen i hovudstaden og lærar ved krigsskulen. Han vart cand. theol. i 1819 og fekk stilling som residerande kapellan i Fredrikstad og overlærar ved 'Fredrikstad høiere almenskole'.

Riddervold vart tilsett sokneprest i Fredrikshald i 1832, frå 1838 var han i tillegg prost i nedre Borgesyssel. 1842-43 var han sokneprest i Østre Toten. År 1843 vart han utnemnd til biskop i Trondhjems stift. Han var den fyrste biskopen utnemnd etter at prostane fekk rett å stemme ved biskopsval.

Riddervold var i perioden 1827 til 1842 representant på alle stortingssamlingane. Fram til 1833 representerte han Fredrikstad, 1836-42 Fredrikshald. I 1845 bad han seg fri for val. På stortinget 1848 var han atter stortingsrepresentant, då for Trondheim og Levanger. Stortingspresident og odelstingspresident i 1830, og formann i komiteen om kjøpstadskatten. President i stortinget i 1836, 1839, 1842 og 1848. I 1836-stortinget og i det overordentlege storting 1836-37 var han formann i valkomiteen. Også i 1848 var han formann i valkomiteen, samt formann i protokollkomiteen.

19. april 1848 gjekk Riddervold ut av Stortinget då han vart statsråd og sjef i Kyrkjedepartementet. Han leia dette departementet heilt fram til 1. juli 1872, bortsett frå to avbrot, 1849-50 og 1854-55.

Riddervolds politiske og geistlege arbeid var prega av det konservative livssynet hans, men han var ingen motstandar av forsiktige reformer. Skulepolitisk var han ein føregangsmann med sterke ynskje om å heve skulens nytte.

Riddervold vart tildelt Storkors av St. Olavs Orden i 1859 og Borgardådsmedaljen i gull i 1869.

Riddervolds plass i Oslo er kalla opp etter han.

Bakgrunnsstoff endre

  Hans RiddervoldWikikilden (frie originaltekstar)

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914