Hans Tausen (149411. november 1561)[1] dansk luthersk teolog, biskop under reformasjonen i Danmark-Noreg.

Hans Tausen

Statsborgarskap Danmark
Fødd 1494
Birkende
Død

11. november 1561 (67 år)
Ribe

Yrke lingvist, prest, omsetjar, teolog, bibelomsetjar, komponist
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Born Jørgen Hansen Tausen
Hans Tausen på Commons

Karriere endre

Han var munk i Antvorskov kloster, studerte i Rostock frå 1516, vart prestevigd og heldt fram studia sine i København frå 1521 og i Leuven frå 1522. Tausen studerte 1523 i Wittenberg under Martin Luther og vart snart ein trugen tilhengar av reformasjonen. I 1526 opptredde han som luthersk predikant i Viborg. Fredrik I tok han under vernet sitt.

Frå 1529 verka Tausen i København. Han vart med på å utarbeide Kyrkjeordinansen i 1537.[1] I 1538 vart han «lesemeister» (lektor) i teologi ved Københavns Universitet, og i 1541 biskop i Ribe. Han satt som biskop i Ribe til han døydde og er gravlagd i Ribe domkyrkje.

Omsetjinga hans av Mosebøkene, postillen og Psalmebog er utgjeve i faksimile (1932, 1934, 1944).

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Thorkild C. Lyby. «Hans Tausen». Den Store Danske (på dansk). Gyldendal. Henta 20. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hans Tausen