Harald Magnus Andreassen
Harald Magnus Andreassen (fødd 4. november 1956) er ein norsk økonom.
Harald Magnus Andreassen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. november 1956 (68 år) |
Yrke | samfunnsøkonom |
Andreassen blei utdanna samfunnsøkonom (cand.oecon.) ved Økonomisk Institutt ved Universitetet i Oslo, som han gjekk ut frå i 1984. Han var tilsett i Den norske Bankforening frå 1984 til 1988 og i konsulentselskapet ECON frå 1989 til 1994. Frå 1994 var han sjeføkonom i Elcon Securities, og frå juni 1999 har han hatt same stilling i First Securities. Andreassen tek for seg næringsøkonomi og makroøkonomiske spørsmål rundt aksje- og obligasjonsmarknader.
Andreassen var også formann i Nasjonaløkonomisk gruppe i Polyteknisk forening frå 1994 til 2007, medlem av arbeidsutvalet i Polyteknisk forening frå 2001 til 2003 og har fleire andre verv innanfor feltet sitt. Han held foredrag og uttalar seg ofte til media om økonomiske spørsmål.
Ein masteroppgåve frå 2011 såg Andreassen som den mest treffsikre renteeksperten, ut av 11 økonomar som ofte kommenterar i media.[1]
Kjelder
endreNettstader
endre- «Velkommen til SMB-konferansen[daud lenkje]».
- «Harald Magnus Andreassen, Chief Economist Arkivert 2009-12-21 ved Wayback Machine.» hjå First Securities.
Litteratur
endre- Knut Olav Åmås [red.]: «Andreassen, Harald Magnus» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).
Referanseliste
endre- ↑ «Bommer på halvparten», Bergens Tidende (på norsk bokmål), henta 16. mars 2019