Hard to Handle
Hard to Handle Song av Otis Redding frå albumet The Immortal Otis Redding | ||
Utgjeve | Juni 1968 | |
Innspelt | 1967 | |
Sjanger | Soul | |
Lengd | 2:17 | |
Selskap | Atco | |
Låtskrivar(ar) | Allen Jones, Al Bell og Otis Redding | |
---|---|---|
Produsent | Steve Cropper |
«Hard to Handle» er ein song gjeven ut i 1968 som først vart spelt inn av Otis Redding og skriven av Redding, Al Bell og Allen Jones. Han vart gjeven ut etter Reddind døydde i 1967 på albumet The Immortal Otis Redding. Versjonen til Redding nådde 38. plassen på Billboard R&B-lista og 51. plassen på poplista.
Hard to Handle Singel av The Black Crowes frå albumet Shake Your Money Maker | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1990 | |
Innspelt | 1989 | |
Sjanger | hardrock, bluesrock | |
Lengd | 3:08 | |
Selskap | Def American | |
Låtskrivar(ar) | Allen Jones, Al Bell og Otis Redding | |
---|---|---|
Produsent | George Drakoulias | |
The Black Crowes-kronologi | ||
«Jealous Again» (1990) |
Hard to Handle | «Twice As Hard» (1990)
|
Andre versjonar
endreSongen har sidan blitt spelt inn av mange artistar, inkludert Patti Drew (truleg den første coverversjoenn i 1968), King Floyd, the Rustix, Liquid Smoke, Grateful Dead, The Black Crowes, Tom Jones, Toots & the Maytals, Rustix, Band from TV, Harpers Bizarre, Gov't Mule, Tony Joe White, Magic Slim and the Teardrops, New Riders of the Purple Sage, Matt Giraud, Etta James og Snafu i tillegg til Mae West i filmen Myra Breckinridge.
«Hard to Handle» vart ofte spelt på konsertane til Grateful Dead frå 1969 til 1971, sungen av Ron «Pigpen» McKernan. Songen vart òg mykje nytta i filmen The Commitments.
Lemon Jelly-songen «Rock» inneheld samplignar av «Hard to Handle». Reggaeartisten Capleton nytta ein del av songen i sin eigen «Wings of the Mourning» i 1992 for Def Jam. Masta Ace sampla basslinja i songen for «Four Minus Three», ein song på debutalbumet hans, Take a Look Around. Hip-hop-produsenten Marley Marl sampla den fem notar lange introen for songen hans «The Symphony» på albumet In Control, Volume 1 i 1988. Denne vart nytta om att i 1992 på Wreckx-N-Effect-songen «Hard» og i 1999 på Snoop Dogg-songen «Ghetto Symphony» frå albumet No Limit Top Dogg. Rapperen Frankie Cutlass nytta òg denne introen i songen sin «The Cypher Pt III» frå albumet Politics & Bullshit i 1997.
The Black Crowes-versjonen
endreDen kanskje mest kjende coverversjonen er av The Black Crowes, som fekk gjennombrotet sitt med singelen i 1990, henta frå debutalbumet Shake Your Money Maker. Denne versjonen nådde toppen av Billboard Album Rock Tracks-lista og 26. plass på Billboard Hot 100.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hard to Handle (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: