Opna hovudmenyen

Koordinatar: 62°22′2″N 6°1′46″E

Hareid kyrkje
kyrkje
Hareid kirke.jpg
Foto: Henny Stokseth
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Søre Sunnmøre
Sokn Hareid
Fellesråd Hareid
Type Langkyrkje
Arkitekt Heinrich Ernst Schirmer/Wilhelm von Hanno
Material Tre
Innvigd 13. desember 1877[1]
Altartavle Frå 1660
Sitjeplassar 500
Wikimedia Commons: Hareid kirke

Hareid kyrkje er ei langkyrkje frå 1877 på Hareid i Hareid kommune i Møre og Romsdal fylke.

Byggverket er i tre og har 500 sitjeplasser.

Kyrkja vart, til liks med Vartdal kyrkje, ført opp etter teikningane som var laga for Ørsta kyrkje. Teikningane var laga av Heinrich Ernst Schirmer/Wilhelm von Hanno. Det vart gjort ein del lokale tilpassingar.[1] Byggmeister var Knut L. Stokkeland frå Vestnes i Romsdal.

Hareid kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Hareid kyrkje

Altertavla er frå 1660 og er laga av skotten Andrew Smith. Ho stod opphavleg i Stavanger hosiptalkyrkje og vart seld på auksjon i 1815.[2]

Hareid kyrkje er soknekyrkje i Hareid sokn, Ulstein prestegjeld, Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme. Ho er den einaste kyrkja i Den norske kyrkja i Hareid kommune.

Tidlegare kyrkjer på HareidEndra

Det har vore kyrkje på Hareid sidan mellomalderen. Mellomalderkyrkja, som var ei stavkyrkje, stod til 25. februar 1806 då ho brann ned etter eit lynnedslag. Til erstatning vart det bygd ei åttekantkyrkje i tre. Ho vart teken i bruk i 1807 og stod i kring 70 år. Då hadde ho byrja sige og dei fann det best å byggje ny kyrkje.[1] Den åttekanta kyrkja på Hareid stod truleg modell for Haram kyrkje.[3]

Ved kyrkja står ei prestestove frå om lag 1650. Ho vart primært brukt når presten frå Ulstein overnatta frå laurdag til søndag.

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 ««Hareid kyrkje» på nettstaden til Hareid kommune».  Vitja 24 mai 2009
  2. Om altertavla på nettstaden til Hareid kommune
  3. Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur (foto: Per Eide). Bla: Larsnes

BakgrunnsstoffEndra