Filmserien Harry Potter

(Omdirigert frå Harry Potter-filmane)
Denne artikkelen handlar om filmserien. For bøkene, sjå Harry Potter. For karakteren, sjå figuren Harry Potter.

Harry Potter er ein britisk-amerikansk filmserie basert på dei sju bøkene om Harry Potter skrivne av J.K. Rowling. Serien er distribuert av Warner Bros. og består av åtte fantasy-filmar[1] som byrjar med Harry Potter og de vises stein (2001) og endar med Harry Potter og Dødstalismanene del 2 (2011).[2] Serien er den mest innbringande filmserien nokon gong i inflasjons-ujusterte dollar, med 7,7 milliardar dollar i heile verda. Kvar av filmane er i dei 35 høgaste innteninga nokon gong.[3]

Den kjende Harry Potter-logoen som blir brukt i alle filmane.
Daniel Radcliffe spelte hovudrolla i Harry Potter-filmane. Her ved premieren til Harry Potter and The Deathly Hallows i 2010.
Harry Potter-filmutstilling i London.

Filmane handlar om Harry Potter som på elleveårsdagen sin finn ut at han er trollmann. Han reiser til trollmannskulen Galtvort for å få opplæring i trolldomskunst. Der forstår han at andre i trollmannsverda skjønar kven han er når dei ser arret hans. Det fekk han av den vonde trollmannen Fyrst Voldemort då han var spedbarn. Etterkvart finn Harry ut meir om fortida si, møter på mange utfordringar og må prøve å overvinne Voldemort. Serien blei produsert av David Heyman med skodespelarane Daniel Radcliffe, Rupert Grint og Emma Watson i hovudrollene som Harry Potter, Ronny Wiltersen og Hermine Grang. Fire regissørar jobba på serien: Chris Columbus, Alfonso Cuarón, Mike Newell og David Yates.[4] Filmmusikken blei hovudsakleg skriven av John Williams, Patrick Doyle, Nicholas Hooper og Alexandre Desplat.

Mykje av filminga fann stad i Warner Bros. Studios, Leavesden i Hertfordshire i England, som i 2012 opna guida turar for skodelystne.[5] Nokre scener blei spelte inn på ulike stader i Storbritannia, som King's Cross stasjon i London, Glenfinnan i Skottland, Alnwick Castle, domkyrkja i Durham og domkyrkja i Gloucester. Moher-klippene på Irland var den einaste staden utanfor Storbritannia som blei bruka.

Harry Potter og Dødstalismanene, den sjuande og siste romanen i serien, er delt inn i to delar. Del 1 blei gitt ut i november 2010 og del 2 kom 15. juli 2011.[6][7] Ein spin off-serie i J. K. Rowling's Wizarding World, sett i tida før Harry Potter-soga finn stad, byrja med Fantastic Beasts and Where to Find Them (2016).

Filmar

endre
1. Harry Potter og de vises stein (2001)
2. Harry Potter og Mysteriekammeret (2002)
3. Harry Potter og fangen fra Azkaban (2004)
4. Harry Potter og ildbegeret (2005)
5. Harry Potter og Føniksordenen (2007)
6. Harry Potter og Halvblodsprinsen (2009)
7. Harry Potter og Dødstalismanene del 1 (2010)
8. Harry Potter og Dødstalismanene del 2 (2011)

Kjelder

endre
Referansar
  1. «Fantasy – Live Action». Box Office Mojo.
  2. «Harry Potter». Box Office Mojo.
  3. «All Time Worldwide Box Office Grosses». Box Office Mojo.
  4. «Harry Potter and the Four Directors». The New York Times. 15. juli 2007.
  5. WB Studio Tour
  6. Boucher, Geoff; Eller, Claudia (7. november 2010). «The end nears for 'Harry Potter' on film». Los Angeles Times. "The fantasy epic begins its Hollywood fade-out Nov. 19 with the release of "Harry Potter and the Deathly Hallows – Part 1" and finishes next summer with the eighth film, "Harry Potter and the Deathly Hallows – Part 2.""
  7. Schuker, Lauren A. E. (22. november 2010). "'Potter' Charms Aging Audience". The Wall Street Journal. Retrieved 3 January 2010. "The seventh instalment in the eight-film franchise, "Harry Potter and the Deathly Hallows: Part I" took in a franchise record of $125.1 million at domestic theaters this weekend according to Warner Bros., the Time Warner Inc.-owned movie studio behind the films."

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Filmserien Harry Potter
  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.