Bitches Brew
Studioalbum av Miles Davis
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 30. mars 1970[1]
Innspelt 19. til 21. august 1969
Studio Columbia Studio B i New York City
Sjanger
Lengd 94:11
Selskap Columbia
Produsent Teo Macero
Miles Davis-kronologi 
In a Silent Way
(1969)
Bitches Brew Miles Davis at Fillmore
(1970)


Bitches Brew er eit dobbelt studioalbum av den amerikanske jazztrompetisten Miles Davis, gjeve ut 30. mars 1970 på Columbia Records. Han heldt her fram eksperimenteringa si med elektriske instrument, som han hadde byrja med på det førre albumet, In a Silent Way (1969). Med desse instrumenta, som elektrisk piano og gitar, gjekk Davis bort frå tradisjonelle jazzrytmar til fordel for ein eit meir laust, rockeinspirert arrangement basert på improvisasjon.

Albumet fekk i starten blanda respons, men fekk etter kvart eit moment og vart det albumet av Davis som nådde høgast på den amerikanske Billboard 200, med ein 35. plass. I 1971 vann det Grammyprisen for beste storjazzensemble-album.[6] I 1976 vart albumet det første av Davis som selde til gullplate i USA.[7][8]

I seinare år er Bitches Brew rekna som eit av dei beste jazzalbuma gjennom tidene og starten på jazzrock som sjanger, i tillegg til at det vart ei stor inspirasjonskjelde både for rock- og funkmusikarar.[4] I 1998 gav Columbia ut The Complete Bitches Brew Sessions, ein plateboks på fire plater som inkluderte både originalalbumet og musikk som ikkje var gjeven ut før. I 2003 hadde albumet selt til platinaplate for éin million selde eksemplar i USA.

Bakgrunn og innspeling endre

 
CBS Studio Building i dag

I 1969 arbeidde David med ein kjerne av musikarar som bestod av Wayne Shorter på tenorsaksofon, Dave Holland på bass, Chick Corea på elektrisk piano og Jack DeJohnette på trommer.[9] Gruppa, utan DeJohnette, spelte inn In a Silent Way (1969) i lag med Joe Zawinul, John McLaughlin, Tony Williams og Herbie Hancock. Albumet markerte starten på «den elektriske perioden» til Davis, med elektroniske instrument som elektrisk piano og gitar, og ein jazzfusion-stil.[9] For det neste studioalbumet sitt, ønskte Davis å utforske den elektroniske fusionstilen vidare. Medan han turnerte med eit femmannsband frå våren 1969 til august, introduserte han nye stykke som bandet hans spelte, inkludert tidlege versjonar av det som vart «Miles Runs the Voodoo Down», «Sanctuary», og «Spanish Key».[10] På dette punktet i karrieren var Davis inspirert av moderne rock og funk, spelinga til Zawinul med Cannonball Adderley og verk av den engelske komponisten Paul Buckmaster.[11]

I august 1969 samla Davis saman bandet sitt for ei øving, ei veke før den planlagde innspelinga. I tillegg til bandet på fem mann, fekk dei med seg Zawinul, McLaughlin, Larry Young, Lenny White, Don Alias, Juma Santos og Bennie Maupin.[10] Davis hadde skrive enkle akkordlinjer, først for tre piano, som han utvida til ei skisess for ein større komposisjon. Han presenterte gruppa med somme «musikalske skisser» og sa at dei kunne spele kva som helst så lenge dei heldt seg til den valde akkorden.[12] Davis hadde ikkje arrangert kvart stykke fordi han var usikker på retninga albumet skulle ta, og det som vart produsert kom frå improvisasjonar, «ikkje noko førarrangert skit.»[13]

Davis booka Columbia's Studio B i New York City frå 19. til 21. august 1969.[10] Innspelinga den 19. august byrja kl. 10 og bandet prøvde seg først på «Bitches Brew». Alle sat i ein halvsirkel med Davis og Shorter i midten. Lenny White fortalte: «Det var som eit orkester, og Miles var dirigenten. Me hadde hovudtelefonar på. Me måtte kunne høyre kvarandre. Det var ingen gjester på denne innspelinga. Ingen fotografi var lov. Men det var ein gjest som ingen snakka om, Max Roach. Alt var spelt inn på direkten, ingen ekstra lydspor vart lagt til. Kl. 10 til 01 i tre dagar.»[14]

Spora vart spelte inn i seksjonar, som var vanleg for Davis-innspelingane på denne tida.[10] Davis gav nokre få instruksjonar, eit tempo, eit par akkordar eller eit hint om ein melodi, og føreslo stemning eller tone. Davis likte å arbeide på denne måten og meinte det tvang musikarane til å følgje med på kvarandre og si eiga speling, eller på teikna til Davis, som han kunne endre når som helst. På dei rolege augneblinka på «Bitches Brew», kan ein til dømes høyre røysta til Davis, som gjev instruksjonar til musikarane: knpising med fingrane for å halde tempoet, eller at han seier «Hald det stramt», eller fortalde enkelte når dei skulle byrje å ein solo. Ein kan høyre han sei «John» i løpet av tittelsporet.[15] «John McLaughlin» og «Sanctuary» vart òg spelt inn 19. august. Mot slutten av denne dagen øvde dei på «Pharaoh's Dance».[10]

Trass i ryktet hans som ein «cool», melodisk improvisator, var mykje av spelinga til Davis på dette albumet aggressivt og eksplosivt, ofte med kjappe løp som enda opp i det øvre registeret av trompeten. Avslutningssoloen hans på «Miles Runs the Voodoo Down» er særskild verdt å legge merke til med tanke på dette. Davis spelte ikkje på det korte stykke kalla «John McLaughlin».

Albumtittelen endre

Det er ikkje kjend kvar tittelen på albumet kom frå, og det er forskjellige teoriar til opphavet.[16] Somme meiner at han refererer til ei kvinne i livet til Davis som han møtte i 1960-åra.[16][17] Andre meiner at «bitches» kan vere musikarane i seg sjølv. For afroamerikanarar kunne «bitches» stundom vere eit positiv slangord for nokon som var god til noko. Det har òg vore andre forklaringar.[16]

Postproduksjon endre

Det måtte mykje klipping til av den innspelte musikken. Korte seksjonar vart limde saman for å skape lengre stykke og forskjellige effektar vart lagt på innspelingane. Paul Tingen sa:[18]

«Bitches Brew var òg eit pionerarbeid med å bruke studio som eit musikkinstrument, med haugevis av redigeringar og studioeffektar som ein viktig del av musikken. Miles og produsenten hans, Teo Macero, brukte platestudioet på ein radikalt ny måte, særskild på tittelsporet og opningssporet, «Pharaoh's Dance». Det var mange spesialeffektar, som lydbandsløyfer, lydbandforseinkingar, klangkammer og ekkoeffektar. Gjennom intensiv lydbandredigering, kom Macero opp med mange heiltnye musikalske strukturar som seinare vart etterlikna av bandet på konsertane deira. Macero, som hadde utdanning innan klassisk musikk og truleg var inspirert av 50-tals og 60-tals fransk musique concrète-eksperiment, brukte lydbandredigering til å skape arrangement og komposisjon. «Pharaoh's Dance» inneheld 19 redigeringar - den kjende stopp-start-opninga er heilt konstruert i studio, ved å bruke repeterande sløyfer i somme seksjonar. Seinare på sporet var det fleire mikro-redigeringar, til dømes eit eitt sekund langt fragment som først dukkar opp ved 8:39 og som vert repetert fem gonger mellom 8:54 og 8:59. Tittelsporet inneheld 15 redigeringar, igjen med fleire korte lydbandsløyfer på fem sekund (ved 3:01, 3:07 og 3:12). Derfor er ikkje Bitches Brew berre eit kontroversielt klassiskikar innan musikalsk nyskaping, men det vart kjend som eit pionerarbeid innan studioteknologi.»

Sjølv om Bitches Brew på mange måtar var nyskapande er det kanskje den viktigaste innovasjonen rytmisk ved at det vart nytta to bassistar (den eine spelte bassgitar, den andre kontrabass), to eller tre trommeslagarar, to eller tre elektrisk piano, og ein perkusjonist, som alle spelte samstundes.[19] Som Paul Tanner, Maurice Gerow og David Megill sa «som rockegrupper, gav Davis rytmeseksjonen ei sentral rolle i ensemblet. Ved at han brukte så store rytmeseksjonar, gav han soloistane vide, men aktive vidder for soloane sine.»[19]

Tanner, Gerow og Megill forklarte vidare «harmoniane brukt i denne innspelinga flyttar seg særs langsamt og fungerer modalt heller enn den meir tonale måten som er vanleg i jazz.... Dei statiske harmoniane og den felles utsmykkinga til rytmeseksjonen skapar eit særs open arena for improvisasjon. Det musikalske resultatet flyt frå grunnleggjande rockemønster til hard bop-teksturar, og stundom sjølv passasjar som er meir karakteristiske for frijazz.»[19] Solorøystene ein høyrer mest dominerande på dette albumet er trompet og sopransaksofon, høvesvis av Miles og Wayne Shorter. Bennie Maupin sin bassklarinett er òg dominerande på fire spor.

Utgjeving endre

Bitches Brew kom ut i mars 1970. Det selde godt dei neste fire månadane og nådde 35. plassen på den amerikanske Billboard 200 veka 4. juli 1970. Dette er den høgasteplasseringa til Davis på lista.[20] 22. september 2003 selde albumet til platina for ein million selde eksemplar i USA.

Mottaking og ettermæle endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [4]
Christgau's Record GuideA−[21]
Encyclopedia of Popular Music     [22]
Entertainment WeeklyA[23]
Mojo     [23]
MusicHound Jazz5/5[24]
The Penguin Guide to Jazz    [25]
The Rolling Stone Album Guide     [26]
Sputnikmusic5/5[27]
Tom Hull – on the WebA–[28]

I ei melding for Rolling Stone i 1970 skreiv Langdon Winner at Bitches Brew syner at musikken til Davisgår inn i «venleik, subtilitet og ein prakt», og fann det «så rikt i form og substans at det tillet og oppfordrar til skyhøge fantasiar for lyttaren». Han konkluderte med at albumet ville «vil gje deg meir jo meir du involver deg i albumet».[29] Village Voice-kritikaren Robert Christgau meinte det var «god musikk som er like mykje jazz som det er rock»,[30] og kåra det til årets beste jazzalbum og Davis som «årets jazzmann» i avstemminga si for magasinet Jazz & Pop.[31] Fleire år seinare hadde han mista noko av entusiasmen for albumet og skreiv i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) at det var «ei strålande bølgje av idear, så mange idear at det etterlet eit noko ufokusert inntrykk». Han konkluderte med at det var «enormt tankevekkande, og aldri mindre enn hyggeleg, men ikkje heilt overtydande. Som er det rock er meint å vere.»[21]

The Penguin Guide to Jazz kalla Bitches Brew «eit av dei mest merkverdige, kunstnariske uttrykka det siste halve hundreåret. Det har òg mykje feil, ein gigantisk overkropp av sprengande, støyande musikk som absolutt nektar å oppløyse seg sjølv på noko som helst kjend måte.»[25] I 2003 vart albumert rangert på 94. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og i 2012 på 95. plassen.[32] På den oppdaterte lista deira frå 2020 var albumet flytta opp til 87. plassen. I tillegg til dette er albumet ofte rangert høgt på slike lister innafor ymse sjangrar.[33] Albumet var òg inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[34]

Den eksperimentelle jazztrommisen Bobby Previte rekna Bitches Brew for å vere «banebrytande»: «Kor mykje banebrytande musikk høyrer du i dag? Det var musikk som du hadde ei kjensle av at du aldri heilt hadde høyrt før. Det kom frå ein annan stad. Kor mykje av musikken i dag kan du sei det om?»[35] Thom Yorke, songaren i det engelske rockebandet Radiohead, omtalte albumet som ein inspirasjon i 1997 på albumet deira OK Computer: «Det bygde noko opp og såg det så falle saman. Det er det som er så vakkert ved det. Det var kjernen av det me prøvde å gjere.»[36] Rock- og jazzmusikaren Donald Fagen kritiserte albumet som «i røynda berre noko Miles hamra ut ... For meg var det berre latterleg og ustemt og dårleg. Eg kunne ikkje lytte til det. Det høyrdest ut som Davis prøvde å lage ei funkplate, og berre plukka ut feil folk. Dei forstod ikkje korleis dei skulle spele funk. Dei var ikkje stødige nok.»[37]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspelingsdatoLengd
1.«Pharaoh's Dance»Joe Zawinul21. august 196920:05
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspelingsdatoLengd
1.«Bitches Brew»Miles Davis19. august 196926:59
Side tre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspelingsdatoLengd
1.«Spanish Key»Davis21. august 196917:29
2.«John McLaughlin»Davis19. august 19694:26
Side fire
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspelingsdatoLengd
1.«Miles Runs the Voodoo Down»Davis20. august 196914:04
2.«Sanctuary»Wayne Shorter19. august 196910:52
Total lengd:94:11
Bonusspor på 1999-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspelingsdatoLengd
7.«Feio»Shorter28. januar 197011:51

Medverkande endre

Musikarar endre

«Bitches Brew» 
«John McLaughlin» 
«Sanctuary» (Shorter) 

Spelt inn Columbia Studio B, New York City 19. august 1969

«Miles Runs the Voodoo Down» 

Spelt inn Columbia Studio B, New York City 20. august 1969

«Spanish Key» 
«Pharaoh's Dance» (Joe Zawinul) 

Innspelt i Columbia Studio B, New York City 21. august 1969

«Feio» (Wayne Shorter) 

Innspelt Columbia Studio B, New York City 28. januar 1970

Teknisk

  • Teo Macero – produsent
  • Frank Laico – lydteknikar (19. august 1969)
  • Stan Tonkel – lydteknikar (dei andre dagane)
  • Mark Wilder – mastering
  • Mati Klarwein – måleri
  • Bob Belden – produsent på nyutgjeving
  • Michael Cuscuna – produsent på nyutgjeving

Salslister endre

Liste Plassering
Belgiske album (Ultratop Flandern)[38] 80
Portugisiske album (AFP)[39] 49
Britiske album (OCC)[40] 71
US Billboard 200[41] 35
US Top R&B/Hip Hop Albums (Billboard)[42] 4

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[43]
sales since 1999
Gull 100 000^
USA (RIAA)[44] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. Miles Davis.com
  2. Spencer, Neil (4. september 2010). «Miles Davis: The muse who changed him, and the heady Brew that rewrote jazz». The Guardian. Henta 29. august 2018. 
  3. Hoskyns, Barney (8. mars 2016). Small Town Talk: Bob Dylan, The Band, Van Morrison, Janis Joplin, Jimi Hendrix and Friends in the Wild Years of Woodstock. Da Capo Press. s. 227. ISBN 9780306823213. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Jurek, Thom. Review: Bitches Brew. AllMusic. Henta on 9. januar 2021.
  5. Berman, Stuart. «Radiohead's OK Computer in 5 Minutes». Pitchfork. Pitchfork. Henta 20. mars 2017. 
  6. «Past Winners Search | GRAMMY.com». grammy.com. Henta 9. januar 2021. 
  7. Bitches Brew: Miles Davis' Shot Heard 'Round the Jazz World – ColumbiaJazz Arkivert 2008-07-05 ved Wayback Machine.. Columbia. Henta on 9. januar 2021.
  8. Miles Electric: A Different Kind of Blue (DVD) – PopMatters. PopMatters. Henta on 9. januar 2021.
  9. 9,0 9,1 Davis & Troupe 1990, s. 295.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Bitches Brew [1999 Reissue]. Columbia Records. 1999. C2K 65774. 
  11. Davis & Troupe 1990, s. 298.
  12. Davis & Troupe 1990, s. 299.
  13. Davis & Troupe 1990, s. 301.
  14. https://www.moderndrummer.com/article/lenny-white/
  15. Tingen, Paul (May 2001). «Miles Davis and the Making of Bitches Brew: Sorcerer's Brew». Jazz Times. Henta 11 Nov 2014. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Tingen, Paul. «Miles Davis and the Making of Bitches Brew». JazzTimes (på engelsk). Henta 9. januar 2021. 
  17. «Looking Back On 'Bitches Brew': The Year Miles Davis Plugged Jazz In». NPR.org (på engelsk). Henta 9. januar 2021. 
  18. «The Making of Bitches Brew».  by Paul Tingen and Enrico Merlin. Henta 2013-03-25
  19. 19,0 19,1 19,2 Tanner, Paul O. W.; Maurice Gerow; David W. Megill (1988) [1964]. «Crossover — Fusion». Jazz (6th utg.). Dubuque, IA: William C. Brown, College Division. s. 135–136. ISBN 0-697-03663-4. 
  20. «Miles Davis – Chart History – Billboard 200 – Bitches Brew». Billboard. Henta 9. januar 2021. 
  21. 21,0 21,1 Christgau, Robert (1981). «Miles Davis: Bitches Brew». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '70s. Da Capo Press. ISBN 0306804093. Henta 9. januar 2021. 
  22. Larkin, Colin (2011). «Miles Davis». Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  23. 23,0 23,1 «Miles Davis - Bitches Brew CD Album». CD Universe. Henta 9. januar 2021. 
  24. Holtje, Steve; Lee, Nancy Ann, red. (1998). «Miles Davis». MusicHound Jazz: The Essential Album Guide. Music Sales Corporation. ISBN 0825672538. 
  25. 25,0 25,1 Cook, Richard; Brian Morton (2006) [1992]. «Miles Davis». The Penguin Guide to Jazz Recordings. The Penguin Guide to Jazz (8th utg.). New York: Penguin. s. 327. ISBN 0-14-102327-9. 
  26. Considine, J. D. (2004). «Miles Davis». in The Rolling Stone Album Guide: pp. 215, 218.
  27. Hartwig, Andrew (12. juni 2005). Review: Bitches Brew. Sputnikmusic. Henta on 9. januar 2021.
  28. Hull, Tom (n.d.). «Grade List: Miles Davis». Tom Hull – on the Web. Henta 22. juli 2020. 
  29. Winner, Langdon (28. mai 1970). Review: Bitches Brew. Rolling Stone. Henta on 9. januar 2021.
  30. Christgau, Robert (21. mai 1970). «Jazz Annual». The Village Voice (New York). Henta 9. januar 2021. 
  31. Christgau, Robert (1970). «Jazz & Pop Ballot 1970». Jazz & Pop. Henta 9. januar 2021. 
  32. Staff (November 2003). RS500: 94) Bitches Brew Arkivert 2010-12-07 ved Wayback Machine.. Rolling Stone. Henta on 9. januar 2021.
  33. «Bitches Brew». AcclaimedMusic.net. Arkivert frå originalen 9. juli 2008. Henta 9. januar 2021. 
  34. Robert Dimery; Michael Lydon (7. februar 2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 0-7893-1371-5. 
  35. Snyder, Matt (December 1997). «An Interview with Bobby Previte». 5/4 Magazine. Arkivert frå originalen 12. januar 2006. Henta 9. januar 2021. 
  36. Sutcliffe, Phil (October 1999), «Radiohead: An Interview With Thom Yorke», Q 
  37. Breithaupt, Don (2007). Steely Dan's Aja. London: Bloomsbury Publishing. s. 25–26. ISBN 9780826427830. Henta 9. januar 2021. 
  38. "Miles Davis – Bitches Brew" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
  39. "Miles Davis – Bitches Brew". Portuguesecharts.com. Hung Medien.
  40. "19700705 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  41. "Miles Davis Album & Song Chart History" Billboard 200 for Miles Davis. Prometheus Global Media.
  42. "Miles Davis Album & Song Chart History" Billboard Top R&B/Hip Hop Albums for Miles Davis. Prometheus Global Media.
  43. «British album salstrofé – Miles Davis – Bitches Brew». British Phonographic Industry. Henta 9. januar 2021.  Enter Bitches Brew in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  44. «American album salstrofé – Miles Davis – Bitches Brew». Recording Industry Association of America. Henta 9. januar 2021.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH