Hatlestad
Hatlestad er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på nordsida av Kalandsvatnet.
Hatlestad | |||
stad | |||
Hatlestad
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5227 NESTTUN | ||
Gardnummer | 82 | ||
Ferdselsårer | E39 Osvegen Fv167 Hamrevegen | ||
Wikimedia Commons: Hatlestad |
Namn
endreEin er usikker på opphavet til namnet Hatlestad. Det kan ha samanheng med mannsnamnet Atli, eller eit personnamn med Asl-, som Aslaug eller Asleifr. Ein annan teori er at det kan kome av atlega, som tyder støl eller skjul for fe på beite i felles utmark.
Historie
endreI mellomalderen høyrte garden til Lyse kloster og etter reformasjonen Lyseklostergodset. Frå 1873-1874 var det brukaren som vart eigarar av Hatlestad og her er framleis gardsdrift.
Frå 1854 til 1861 var Hatlestad skysstasjon før han var flytta til Sandven lenger sør.
Natt til 14. september kom det ekstreme nedbørsmendger på Vestlandet, over 100 mm på berre 12 timar. Det kraftige regnvêret førte til ras i Hatlestad terrasse og tre personar mista livet, medan sju vart skadde.
Geografi
endreHatlestad ligg på nordsida av Kalandsvatnet, aust for Hamrefjellet og sør for Valleheiane.
Garden grensar til Valle i nord, Smørås i vest, Indre Hamre i sør og Øvre Sandven i aust.
Hatlestad Eldresenter ligg i dag på Hatlestad.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Bergenskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.