Valle i Bergen
Valle eller Valla er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på nordsida av Kalandsvatnet ved Osvegen
Valle | |||
stad | |||
Gardshus på Valle
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5227 NESTTUN | ||
Gardnummer | 49 | ||
Wikimedia Commons: Valle, Bergen | |||
Namn endre
Namnet kjem av det norrøne vellir, som er fleirtalsforma av voll.
Historie endre
Garden låg under Lyseklostergodset fram til 1874, då brukarane på garden vart eigarar. I nyare tid er ein del av garden utskilt til bustadområde. Det er framleis gardsdrift på garden.
Geografi endre
Valle ligg på nordsida av Kalandsvatnet, aust for Vallaheiane og vest for Ljosvollvarden.
Garden grensar til Kirkebirkeland i nord, Smørås i vest, Hatlestad i sør og Ljosvold i aust.
Bruk av namnet endre
Garden er opphav til fleire stader og vegar i området.
- Vallaheiane, både eit bustadområde og ein ås vest for garden.
- Vallahøgda
- Vallalia
- Vallaskaret
Kjelder endre
- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Bergenskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.