Opna hovudmenyen

Hauge kyrkje

kyrkje i Lærdal kommune

Koordinatar: 61°5′54″N 7°29′42″E

Hauge kyrkje
kyrkje
Hauge kirke.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Lærdal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Hauge
Fellesråd Lærdal
Type Langkyrkje
Arkitekt Christian Christie
Material Tre
Innvigd 6. mai 1869
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 500
Wikimedia Commons: Hauge kirke

Hauge kyrkje står på Lærdalsøyri i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke og er ei langkyrkje i tre frå 1869. Kyrkja er soknekyrkje for Hauge sokn i Sogn prosti.

Hauge kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Hauge kyrkje

Ho vart ført opp etter teikningar av arkitekt Christian Christie, og har ei utforming påverka av stavkyrkjene. Kyrkja har to tårn, eitt på kvar side ved vestenden av skipet.

Før denne kyrkja vart bygd låg kyrkja i soknet kring ein kilometer lenger søraust, på garden Hauge. Der stod det ei stavkyrkje som fyrste gong er nemnd i kjeldene i 1327. Denne vart avløyst av ei tømra kyrkje som vert nemnd i 1649. Utpå 1800-talet var denne vorten i dårleg stand. Etter at Tønjum stavkyrkje bles ned i 1823 nekta soknepresten å halde gudstenester i Hauge kyrkje i dårleg vêr, han var redd ho òg skulle blese ned. Likevel skulle det gå til 1869 før ny kyrkje stod klar, dette var dels på grunn av usemje om kvar kyrkja skulle stå. Til sist vann det argumentet fram at det var på Lærdalsøyri dei fleste i soknet budde, og kyrkja vart bygd der istaden for på Hauge, men ho vart likevel heitande Hauge kyrkje.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra