Haugjegla fyrstasjon
Haugjegla fyrstasjon er eit fyr som ligg på ei låg og flat øy ute i havet nord for Smøla og Veiholmen på Nordmøre. Fyret er det nordlegaste byggverket i Møre og Romsdal.
| |||
Fylke | Møre og Romsdal | ||
---|---|---|---|
Kommune | Smøla | ||
Funksjon | Leifyr | ||
Oppretta | 1922 | ||
Koordinatar | 63°31.8811′N 7°58.0999′E / 63.5313517°N 7.9683317°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 20,8 | ||
Form | Raudt tårn med eitt kvitt belte | ||
Byggjemateriale | Støypejern | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | To okkulterande glimt kvart 8. sekund | ||
Lyshøgd | 26,5 moh. | ||
Lysvidde | 15,3 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1988 | ||
Avfolka | 1988 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Haugjegla fyrstasjon 63°31′53″N 7°58′02″E / 63.53138889°N 7.96722222°E | |||
Fyrtårnet i støypejern er 14 meter høgt og er plassert på ein 7 meter høg betongsokkel. Fyret er bygd i 1922 og det opphavlege franske linseapparetet er framleis i bruk. Fyret vart automatisert og avbemanna i 1988. Lysvidda til fyret er 15,3 nautiske mil.
Haugjegla er eit leifyr og skal saman med Sletringen fyrstasjon lose fartøy trygt inn Ramsøyfjorden mot Trondheim, eller saman med Skalmen og Grip fyrstasjon lose vidare vestover mot Kristiansund og Hustadvika.
Kystverket pussa opp fyret utvendig sommaren og hausten 2006. Haugjegla fyr kan leigast for overnatting.
Haugjegla fyr er freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008 - side 390» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Haugjegla fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
endre- Haugjegla fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren