Haukeliekspressen

ekspressbussrute mellom Haugesund og Oslo via Haukelifjell

Haukeliekspressen er ei ekspressbussrute mellom Haugesund og Oslo via Haukelifjell. Ho vert driven av Telemark Bilruter og Tide Buss. Ruta er ein del av nettverket til NOR-WAY Bussekspress, der ho har rutenummer NW180. Ho er hovudnerven i busstilbodet i Vest-Telemark.

Haukeliekspressen ved Bangeløkka i Drammen.
Foto: Øyvind Berg, mai 2014

Ruta byrja 21. november 1986 med ein dagleg avgang i kvar retning, men har i løpet av åra vorte utvida til tre avgangar i døgnet. Det går i dag avgangar på formiddagen alle dagar, på ettermiddagen alle dagar unntatt laurdag, og kvar natt unntatt natt til sundag. I tillegg går det ein avgang frå Vest-Telemark til Oslo på morgonen med retur på ettermiddagen alle dagar i veka. Heile reisa mellom Haugesund og Oslo er på drygt 45 mil og tek mellom åtte og ni timar, avhengig av kva tid på døgnet ein reiser.

Historisk sett er ruta ei vidareføring av sommarruta over Haukelifjell som busselskap på begge sider av fjellet har samarbeidd om sidan 1911. Sommarruta byrja å gå gjennomgåande mellom Odda og frå 1951, og frå 1967 vart ho heilårsrute. Gjennom tidene har Haukeliekspressen strekt seg til Bergen og Voss i nordvest, Kristiansand i sør og Skien i søraust.

Kjelder endre

 
Breifonn Hotel