Hausafolk
Hausafolk er ei av dei største folkegruppene i Vest-Afrika. Framfor alt i det nordlege Nigeria og i Niger utgjer hausafolket store delar av befolkninga. Folket taler språket hausa og er muslimar.[1] Tradisjonelt er hausafolk jordbrukarar, men mange er òg blitt handelsfolk.[2]
Hausafolk held først og fremst til i nordlege delar av Nigeria, Niger, Ghana, Kamerun, Benin og Togo og sørlege delar av Niger, Tsjad og Sudan, med ein stor minoritet i Elfenbeinskysten.[3][4]
Nord i Nigeria ligg dei sju tradisjonelle byane til hausafolket: Biram, Daura, Gobir, Kano, Katsina, Rano og Zaria, som lenge har vore viktige maktsenter.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Alv Alver. «hausa». Store norske leksikon. Henta 11. desember 2010.
- ↑ «hausa». Nationalencyklopedin. Arkivert frå originalen 11. mars 2011. Henta 11. desember 2010.
- ↑ Wolff, H. Ekkehard. «Hausa language». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 14. oktober 2020.
- ↑ «Spread of the Hausa Language». Worldmapper (på engelsk). Henta 14. oktober 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Hausa (folk)» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2023.