Hausstock
Hausstock er eit 3 158 m høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits, i kantonen Graubünden. Ein russisk hær under general Aleksandr Suvorov trekte seg tilbake nær fjellet i 1799. Klatrarar frå fleire land var aktive her på 1800-talet. Også i dag er det mange klatrarar og skigåarar som søker til Hausstock.
Hausstock | |||
fjell | |||
Nordvestveggen av Hausstock
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Glarus-Alpane | ||
Høgd | 3 158 moh. | ||
Primærfaktor | 518 m ↓ mot ↑ Tödi | ||
Koordinatar | 46°52′32″N 9°4′0″E / 46.87556°N 9.06667°E | ||
Lettast tilkomst | Sørryggen | ||
Førstestiging | |||
- dato | 1832 | ||
Hausstock 46°52′27″N 9°03′56″E / 46.874298888889°N 9.0655991666667°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Hausstock |
Geografi, geologi
endreTil liks med andre nummulitt-formasjonar i Glarus-Alpane, består Hausstock av finkorna svart sandstein. Fjellet er del av Glarus-forkastinga, ei veldig forkasting. Topplaget består av Verrucano-formasjonar, 250-300 millionar år gamle, som ligg på eit lag av krit, 100-150 millionar år, og flysch, 35-50 millionar år gammalt. I 2008 vart forkastinga erklært for å vere ein geotop, og kom med på UNESCO si liste over verdsarven, ein geologisk verdsarv under namnet Swiss Tectonic Arena Sardona.
Historie
endreI oktober 1799, føretok den russiske generalen Aleksandr Suvorov eit strategisk tilbaketog frå kampar mot franske styrkar i Italia. Styrkane gjekk over Panixerpass (2407 moh), som knyter byen Glarus (472 moh) med bygda Panix (på 1300 moh). Panix ligg på austsida av fjellet langs elva Schmue.
I fylgje den US-amerikanske klatraren W.A.B. Coolidge, vart toppen av fjellet nådd fyrste gongen i 1832. Hausstock er det høgste fjellet ved landsbyen Elm, der ein vanlegvis startar ein tur til toppen av fjellet.
I dag er Hausstock eit utfartmål for skirennarar, lett tilgjengeleg frå Elm gjennom eit sett av skitrekk, oppsette straks etter 2000.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hausstock» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2009.