Havant er ein by og eit administrativt distrikt i Hampshire i England. Han ligg mellom Portsmouth og Chichester, og har togsamband til London, Brighton og Portsmouth.

Havant

Havant kyrkje
Havant kyrkje
Havant kyrkje
Plassering
Havant is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Hampshire
Distrikt Havant
Geografi
Flatevidd
 - By

53,33 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik

116 312
  2 181 /km²
Koordinatar 50°51′N 0°59′W / 50.850°N 0.983°W / 50.850; -0.983
Diverse annan informasjon
Postnummer PO9
Telefon-retningsnummer 0 23
Commons har multimedium som gjeld: Havant

I sentrum finst spor frå romersk tid. Gatenettet i sentrum har halde eit romersk preg, med to rette gater som kryssar kvarandre i sentrum, med ei kyrkje som ligg ved krysset.

Det meste av byen er frå tida etter andre verdskrigen. Store delar av den eldre busetnaden vart øydelagd av brann i 1760. Kyrkja og nokre få hus stod att, og desse husa er no kollektivt kjent som The Old House at Home, og er bygd saman og innreidd som ein pub. Det vert hevda at to av bjelkane i hovudbaren er frå eit av skipa i den spanske armadaen, og at den siste dansande bjørnen i Englands ein gong var butte til ein stolpe kjent som «Bjørnestolpen» (Bear Post).

Kjelder endre