He'll Have to Go
Singel av Jim Reeves
frå albumet He'll Have to Go and Other Hits
B-side

«In a Mansion Stands My Love»

Utgjeve November 1959
Innspelt 15. oktober 1959
Sjanger Country, pop
Lengd 2:20
Selskap RCA Records 10315
Låtskrivar(ar) Joe Allison, Audrey Allison
Produsent Chet Atkins[1]
Jim Reeves-kronologi 
«Partners»
(1959)
He'll Have to Go «I'm Gettin' Better»
(1960)


«He'll Have to Go» er ein amerikansk countrysong spelt inn 15. oktober 1959 av Jim Reeves. Songen kom ut hausten 1959 og vart ein massiv hit tidleg i 1960.

Bakgrunn endre

Reeves spelte inn det som vart ein av dei største countryhittane gjennom tidnee etter å ha lytta til ein versjon spelt inn av Billy Brown. Songen, som var skriven av Joe og Audrey Allison, kom til etter at paret hadde vanskar med å snakke over telefon. Audry hadde ei mjuk stemme og klarte ikkje å snakke høgt, så mannen hennar bad ho halde telefonrøyret tett inntil munnen..[2]

Brown fekk ikkje ein hit med songen, så Reeve spelte inn sin versjon. Han vart opphavleg gjeven ut som B-sida til det som var tenkt å bli hitten, «In a Mansion Stands My Love». Men «Mansion» gjorde det ikkje særleg bra, og på radioen byrja dei å spele B-sida i staden for.[3] Det tok ikkje langt tid før songen var blitt ein enorm country- og pophit, og fleire rhythm and blues-stasjonar byrja òg å spele songen.

Med på innspelinga var Floyd Cramer på piano, Marvin Hughes på vibrafon, Bob Moore på bass, Buddy Harman på trommer, Hank Garland på gitar og Anita Kerr Singers på korvokal.[4]

Det første verset sette tonen: «Put your sweet lips a little closer to the phone/Let's pretend that we're together all alone/I'll tell the man to turn the juke box way down low/And you can tell your friend there with you he'll have to go.»[1]

Country-historikaren Bill Malone skreiv at «He'll Have to Go» stort sett er ein ganske vanleg countrysong, men arrangementet og vokalrefrenget gjer at songen vert «ein countrypop-låt». I tillegg hylla Malone Reeves for at han senka røysta si til si «naturlege resonansnivå» for å få fram den «ømme stilen songen vart kjend for» og som er årsaka til at «mange kallar han songaren med fløyelsrøysta».[5]

Lister endre

«He'll Have to Go» nådde toppen av Hot Country Singles-lista 8. februar 1960, og låg der i 14 veker på rad.[6] Songen var ein av berre fem songar som låg på toppen av lista i 1960.

I tillegg nådde songen andreplassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1960 og 13. plassen på R&B Singles-lista.[7] Billboard rangerte han på andreplassen for heile året 1960.[8] Songen vart òg ein suksess utanlands og nådde toppen av den australske singellista og 12. plassen på den britiske. I Noreg gjekk songen heilt til topps på VG-lista.

Liste (1960) Plassering
Australia Singles Chart 1
VG-lista i Noreg 1
U.S. Billboard Hot C&W Sides 1
U.S. Billboard Hot 100 2
UK Singles Chart 12
U.S. Billboard Hot R&B Singles 13

Andre versjonar og svarsongar endre

«He'll Have to Go» har blitt spelt inn av mange artistar. Elvis Presley spelte inn sin versjon av «He'll Have to Go» den 31. oktober 1976, på den siste studioinnspelinga si, og ein trur at det var den siste songen han spelte inn i studio.[9]

Songen fekk òg ein svarsong, «He'll Have to Stay» av Jeanne Black. Songen hennar nådde sjetteplassen på Billboard Hot C&W Sides-lista og fjerdeplassen på Billboard Hot 100 seinare i 1960. Skeeter Davis spelte denne songen i 1961. «He'll Have to Stay» fekk igjen ein svarsong kalla «I'm Gonna Stay». Denne vart spelt inn av Johnny Scoggins og gjeven ut på singel.

Songen vart òg spelt inn av Solomon Burke i 1965 og hans versjon gjekk inn på soul-lista og var ein av dei største hittane hans.

Harry James spelte inn ein versjon i 1966 på albumet Harry James & His Western Friends.

Anne Murray, Connie Francis og Tom Jones har òg spelt inn versjonar av songen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Gilliland, John (1969). «Show 10 - Tennessee Firebird: American country music before and after Elvis. [Part 2]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  2. Gilbert, Bob and Gary Theroux, «The Top Ten: 1956-Present,» Pop Record Research, Fireside Books, Simon & Schuster, New York. 1982 (ISBN 0-671-43215-X).
  3. Gilbert and Theroux, «The Top Ten.»
  4. 3 Chords A Day: 15. oktober 2009 -- the 50th Anniversary of the recording. http://3chordsaday.wordpress.com/2009/10/15/hell-have-to-go-jim-reeves/
  5. Malone, Bill, «Classic Country Music: A Smithsonian Collection» ((booklet included with Classic Country Music: A Smithsonian Collection 4-disc set). Smithsonian Institution, 1990), s. 51.
  6. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 285. 
  7. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 488. 
  8. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1960
  9. Ernst Jorgensen, Elvis Presley: A Life in Music (St; Martin's Press, 1998), s. 400.

Bakgrunnsstoff endre


Føregangar
«Blue Hawaii»
Billy Vaughn Orchestra
Toppen av VG-lista
Jim Reeves

5 veker, veke 29–veke 33, 1960
Etterfylgjar
«Please Don't Tease»
Cliff Richard