Bob Loyce Moore (fødd 30. november 1932) er ein USA-amerikansk studiomusikar, orkesterleiar og bassist som var medlem av Nashville A-Team i 1950- og 1960-åra.

Bob Moore
Fødd30. november 1932 (91 år)
FødestadNashville
FødenamnBob Loyce Moore
OpphavNashville i Tennessee, United States
Aktiv1946 til i dag
SjangerCountry
Instrumentkontrabass
Tilknytte artistarElvis Presley, Roy Orbison
PlateselskapMonument
Verka somBassist, studiomusikar, orkesterleiar
PrisarDisney Legends

Biografi endre

Bob Moore var fødd i Nashville.[1] Då han var 15 år gammal spelte han kontrabass på ein teltturné med ei gruppe frå Grand Ole Opry, og 18 år gammal byrja å han å spele med Little Jimmy Dickens. 23 år gammal fekk han tilbodet om å spele på det kjende Red Foley-programmet Ozark Jubilee. Han spelte på showet i Springfield i Missouri på laurdagar og reiste attende til Nashville i veka, men dette var slitsamt og etter to år drog han attende til Nashville.

Moore spelte på over 17 000 dokumenterte innspelingar og var eit viktig medlem av The Nashville A-Team, ei gruppe studiomusikarar som var kremen av kremen i Nashville i 1950- og 1960-åra.

I 1958 spelte han på den første av mange Elvis Presley-innspelingar. Året etter slo han seg saman med Fred Foster og oppretta Monument Records, der han som musikalsk leiar på selskapet skapte arrangement for Roy Orbison. I 1960 danna han Bob Moore Orchestra og spelte inn eit album som inneheldt «Mexico», ein singel som nådde sjuandeplassen på Billboard poplista. Songen låg òg ei veke på toppen av Easy Listening-lista i 1961. Han selde over ein million eksemplar og Moore fekk derfor gullplate for innspelinga.[1] Bob Moore spelte bassintroen på Roger Miller-hitten hit «King of the Road».

Moore arbeidde i fleire musikalske miljø, og spelte mellom anna på Newport Jazz Festival og var i studio med Arthur Fiedler og Boston Pops Orchestra. Han hadde sterke røter i countrymusikken og i 1994 kåra Life han til den beste countrybassisten gjennom tidene. Han har spelt med artistar som Bob Dylan, Marty Robbins, Jerry Lee Lewis, Flatt and Scruggs, Patsy Cline, Sammy Davis jr., Julie Andrews, Andy Williams, Connie Francis, Moby Grape, Wayne Newton, Quincy Jones, Burl Ives, Roger Miller og den franske songaren Johnny Hallyday.

Bob Moore vart innlemma i Musicians Hall of Fame i 2007.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 137. ISBN 0-214-20512-6. 

Bakgrunnsstoff endre