Heart of Steel av Tvorchi
«Heart of Steel» Song av Tvorchi | ||
Land | Ukraina | |
Språk | Engelsk, ukrainsk | |
Utgjeve | 13. januar 2023 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 02:22 | |
Låtskrivar(ar) | Andrij Hutsuljak, Jimoh Augustus Kehinde |
---|
«Heart of Steel» (norsk omsetjing: ‘hjarte av stål’) er ein ukrainsk elektropoplåt frå 2022 av og med duoen Tvorchi. Songen vann den ukrainske songtevlinga Vidbir i desember 2022 og var det ukrainske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.
Om songen
endre«Heart of Steel» er skriven av elektronikaduoen Tvorchi, beståande av ukrainske Andrij Hutsuljak og nigeriansk-fødde Jimoh Augustus.[1] Dei skreiv songen og teksta våren 2022, inspirert av dei ukrainske soldatane og motstandsfolka som lenge stod imot russiske styrkar ved stålverket Azovstal i Mariupol, aust i Ukraina.[1][2]
Vidbir og Eurovision Song Contest
endreI desember 2022 var «Heart of Steel» blant bidraga i den tv-sende ukrainske songtevlinga Vidbir.[3] Vinnaren fekk representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2023. Den ukrainske finalen fann stad 17. desember 2022 i den underjordiske t-banestasjonen ved Majdan-plassen, som følgje av krigen i landet.[4][5]
Tvorchi og «Heart of Steel» vann Vidbir med nest flest røyster frå fagjuryen og flest røyster frå sjåarane.[6] Gjennom sigeren fekk duoen representere Ukraina i Eurovision Song Contest i Liverpool i Storbritannia.[7] Som følgje av at Ukraina vann Eurovision Song Contest året før, var landet direktekvalifisert for finalen laurdag 13. mai 2023.[7] I finalen fekk sangen til saman 243 poeng og enda på sjetteplass, rett bak Alessandra og «Queen of Kings» frå Noreg.[8]
Utgjevingshistorikk
endreDen ukrainske kringkastaren Suspilne la låten ut for strøyming på YouTube 1. desember 2022.[9][10] Songen blei gjeven ut som singel 9. desember, og han var del av EP-en med same namn, som blei sloppen litle julaftan same år.[11]
Region | Dato | Format | Merke |
---|---|---|---|
Diverse | 1. desember 2022 | Strøyming | Gjeven ut på eige forlag |
9. desember 2022 | Digital nedlasting[11] | ||
23. desember 2022 | EP-utgjeving[11][12] |
Listeplasseringar
endreListe (2023) | Høgaste plassering |
---|---|
Finland (Suomen virallinen lista)[13] | 37 |
Hellas (IFPI)[14] | 84 |
Island (Tónlistinn)[15] | 35 |
Litauen (AGATA)[16] | 12 |
Polen (Polish Streaming Top 100)[17] | 97 |
SUS (TopHit)[18] | 171 |
Sverige (Sverigetopplistan)[19] | 65 |
UK Singles (Official Charts Company)[20] | 95 |
UK Indie (Official Charts Company)[21] | 32 |
Ukraina (TopHit Airplay)[22] | 5 |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Thelyrics of the Tvorchi song selected for Eurovision 2023». english.nv.ua (på engelsk). Henta 29. desember 2022.
- ↑ Veen, Renske ten (17. desember 2022). «Tvorchiwins Vidbir and will represent Ukraine at Eurovision 2023 with "Heart of Steel"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 29. desember 2022.
- ↑ «Ukraine: TVORCHI wins Vidbir with 'Heart Of Steel'». eurovision.tv (på engelsk). 17. desember 2022. Henta 18. desember 2022.
- ↑ Ritzau/NTB (17. desember 2022). «Tvorchi vant Ukrainas Melodi Grand Prix». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 18. desember 2022.
- ↑ «Heartof Steel: Ukraine chooses Eurovision act in bomb shelter contest». euronews (på engelsk). 18. desember 2022. Henta 29. desember 2022.
- ↑ «Ukraine picks Eurovision 2023 entry from underground bomb shelter». WashingtonPost (på engelsk). ISSN 0190-8286. Henta 29. desember 2022.
- ↑ 7,0 7,1 «Eurovision 2023: Ukraine chooses Tvorchi from bomb shelter». BBCNews (på engelsk). 17. desember 2022. Henta 18. desember 2022.
- ↑ «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.
- ↑ Farren, Neil (1. desember 2022). «Ukraine: Vidbir 2023 Songs and Running Order Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 29. desember 2022.
- ↑ «Пісніфіналістів Нацвідбору на Євробачення-2023 - YouTube». www.youtube.com. Henta 29. desember 2022.
- ↑ 11,0 11,1 11,2 «Recording“Heart of Steel” by TVORCHI - MusicBrainz». musicbrainz.org. Henta 29. desember 2022.
- ↑ «TVORCHIpresented EP Heart of Steel». Woman Magazine (på engelsk). 24. desember 2022. Henta 29. desember 2022.
- ↑ "Finnishcharts.com – Tvorchi – Heart of Steel". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
- ↑ «IFPI Charts». ifpi.gr. Arkivert frå originalen 25. mai 2023. Henta 24. mai 2023.
- ↑ «TÓNLISTINN– Streymi, spilun og sala viku 19, 2023» (på islandsk). TónlistinnPlötutíðindi. 13. mai 2023. Arkivert frå originalen 15. mai 2023. Henta 18. mai 2023.
- ↑ «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «OLiS– oficjalna lista sprzedaży – single w streamie» (Select week 12.05.2023–18.05.2023.) (på polsk). OLiS. Henta 26. mai 2023.
- ↑ «Heartof Steel – Tvorchi». TopHit. Henta 17. mai 2023.
- ↑ «VeckolistaSinglar, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19. mai 2023.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ "Archive Chart" UK Indie Chart. Official Charts Company.
- ↑ «UkraineAirplay Chart for 2023-04-21». TopHit (på finsk). Henta 18. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Heart of Steel» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2023.