Opna hovudmenyen
Heggspinnmøll


Imago av heggspinnmøll
Imago av heggspinnmøll

Systematikk
Domene: Eukaryotar
Rike: Dyreriket
Rekkje: Leddyr
Klasse: Insekt
Orden: Sommarfuglar
Underorden: Ditrysia
Overfamilie: Yponomeutoidea
Familie: Yponomeutoidae
Slekt: Yponomeuta
Vitskapleg namn
Y. evonymella

Heggspinnmøll (Yponomeuta evonymella) er eit insekt, eit av 77 artar spinnmøll (Yponomeutidae) i Noreg. Heggspinnmøllen er ein sommarfugl som lever i hegg i larvestadiet. Egga blir lagt i trea om hausten, om våren dekker larvane trea med eit kvitt spinn, under dette spinnet et dei treet snautt for knoppar og blad. Ut på sommaren forpuppar dei seg under spinnet, og er ferdige sommarfuglar på seinsommaren. Heggspinnmøllen har altså fire livsformer: egg, larve, puppe og imago (sommarfugl). Larven er gul med svarte prikkar, sommarfuglen kvit med svarte prikkar.

Tre dekt av spinn frå heggspinnmøll. (Foto: Kjetil Lenes)
Stammene på desse trea. (Foto: Kjetil Lenes)
Larvar og spinn på ei grein. (Foto: Kjetil Lenes)

Avhengig av veret og talet på rovdyr kjem åtak av heggspinnmøll som utbrot med nokre års mellomrom. Dette har ingen økonomiske konsekvensar for skogbruket, og trea overlever som oftast, dei kjem med nye blad seinare på sommaren. Trea kan sjå dramatiske ut under angrepet, og blir av og til kalla spøkjelsestre.

Angrep av heggspinnmøll er vanlegast på austlandet og nokså sjeldan på Vestlandet, sjølv om angrep i Bergensområdet fekk ein del merksemd sommaren 2007.[1]

BotemiddelEndra

Når møllen er i larveform kan ein nytte bakterien Bacillus thuringiensis, før larvane spinn nettet. Ein kan òg spyle larvane av trea med vatn.

KjelderEndra

  1. «Spøkelsestrær i Bergen», bt.no


BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Heggspinnmøll