Helén Vikstvedt
Helén Vikstvedt (fødd 12. februar 1964 i Oslo) er ein norsk skodespelar, dansar, koreograf og komikar. Ho har gjort seg merka både på scene, film og TV.
Helén Vikstvedt | |||
| |||
Fødd | 12. februar 1964 (60 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Verka som | skodespelar, dansar, komikar, koreograf | ||
Ektefelle | Tony Totino | ||
Prisar | Kanonprisen for beste hovedrolle, Komiprisen 2007, Komiprisen 2010 |
Vikstvedt fullførte Statens Balletthøgskole i 1986 og Statens Teaterhøgskole i 1989.
Vikstvedt har blant anna jobba som skodespelar, dansar og koreograf på Oslo Nye Teater og Nationaltheatret. Ho var tilknytta Oslo Nye Teater i fire år der ho spelte i oppsetjingar som Loppen i øret, Høye bølger, De hellige tre narrer, Høysåte, Gardermoen tur-retur, Sexy, Juleoratoriet, Fisk, Hjalmar og Flode og Vildanden. På 1990-talet var var ho òg ein aktiv utøvar av teatersport saman med Harald Eia, Jan-Paul Brekke og Thorbjørn Harr.[1] Seinare har Vikstvedt blant anna vore å sjå som hovudrolleinnehavar i sommarmusikalen Den Gode Hensigt (2012) i Svelvik, og ho har over fleire år medverka i julemusikalen Jaken på juleskurken ved Drammens teater. Vikstvedt har òg spelt og vore koreograf i fleire Kaptein Sabeltann-framsyningar, og dessutan vore koreograf på filmen Olsenbanden jr. på Cirkus.[1]
Vikstvedt har medverka som skodespelar i fleire filmar. Blant anna hadde ho hovudrolla i filmen 37 og et halvt frå 2005, som ho vann Kanonprisen for.[2] Ho har elles hatt biroller i barnefilmar som blant anna Jakten på nyresteinen (1996), Gråtass - Hemmeligheten på gården (2004) og Doktor Proktors tidsbadekar (2015). På TV har ho medverka i barneserien Uhu. Vikstvedt har utover det vore fast deltakar i spørjeleikprogrammet Minus manus (1992–1993) på TV3, og dessutan vore paneldeltakar i Løvebakken og 20 spørsmål på NRK. Saman med Solveig Kloppen leia ho TV 2-programmet Hjelpekorpset i 2008.
På scena
endre- 1996-1997 Kaptein Sabeltann og jakten på den magiske diamant – Sirikit
- 1998-1999 Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga – Koreograf
- 2000-2001 Kaptein Sabeltann og den forheksede øya – Lola
- 2007-2009 Kaptein Sabeltann og den forheksede øya - Koreograf
Filmografi
endre- 1992–1993 Minus manus (TV3)
- 1995 Chez toi – NRK
- 1996 Jakten på nyresteinen – Hjertevakt
- 1998 Drømmen om Kaptein Sabeltanns rike – Mor/Sirikit
- 2000 Kaptein Sabeltann og den forheksede øya – Lola
- 2003 Uhu! – Obus
- 2004 Gråtass - Hemmeligheten på gården – Helga Hoggerud
- 2005 Hos Martin – Tilsett på Nationaltheatret
- 2005 37 og et halvt – Selma
- 2006-2009 Løvebakken – NRK
- 2007-2009 & 2011 20 spørsmål – NRK
- 2008 Hjelpekorpset – TV 2
- 2009 Den norske humor – (NRK)
- 2011 Roast fra Chat Noir – TVNorge
- 2015 Doktor Proktors tidsbadekar - film
- 2019 Klassen - NRK
- 2019 Jorden rundt på 6 steg - NRK
- 2020 Aldri Voksen - TVNorge
- 2020 Fjols til fjells - TVNorge (tv-serie)
- 2020 Maestro - NRK
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «37 1/2» (på norsk). 27. januar 2005. Henta 3. august 2021.
- ↑ «Ni Kanonpriser på Kosmorama». 31. mars 2006. Henta 13. mars 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Helén Vikstvedt» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2021.