Jorden rundt på 6 steg

Jorden rundt på 6 steg er ein norsk reality-serie som har gått på NRK1 sidan 2018. Konseptet til programmet er å finna ut om teorien «Six Degrees of Seperation», ein teori som seier at alle på kloden er forbundne gjennom seks kjennskapar, faktisk stemmer. Detta vert gjort ved å senda seks par til nokre av dei mest aude stadane i verda. Ved startpunktet til reisa finn para ein invitasjon frå ein verdskjend person. Så må para finna ein tilfeldig startperson i dette området og frå den personen forsøkje å kopla seg til kjendisen gjennom maks seks kjennskapar. Para har berre ei veke på seg til å gjennomføra oppdraget.

Jorden rundt på 6 steg
Typefjernsynsprogram
Sjangerdokusåpe
OpphavslandNoreg
Sesongar2
Språknorsk
Basert påJorden runt på 6 steg
KanalNRK1

Serien er basert på eit svensk konsept som har gått på Kanal 5 sidan 2015.

Serien vann i kategorien beste reality under Gullruten 2019[1] og beste regi underholdning (Jens Bull) under Gullruten 2020.[2] I tillegg var serien nominert til Gullruten 2020 i kategoriane beste reality og fagprisen beste foto enkamera underholdning (Cato Johansen og Fahil Anweri).[3][4]

Sesong 1 (2018)

endre
Episode Tal steg Reiserute Par Mål for oppdraget
1 6 0.   Aramstraat, Namibia
1.   Henties Bay, Namibia
2.   Durban, Sør-Afrika
3.   Tromsø, Noreg
4.   Kristiansand, Noreg
5.   Oslo, Noreg
6.   Oslo, Noreg
Nicolay Ramm og Ole Rolfsrud Cecilia Brækhus
2 6 0.   Tsonjin Boldog, Mongolia
1.   Ulan Bator, Mongolia
2.   Tokyo, Japan
3.   Sydney, Australia
4.   Sydney, Australia
5.   Sydney, Australia
6.   Hay-on-Wye, Wales
Ingrid Gjessing Linhave og Kåre Magnus Bergh Stephen Fry
3 7 0.   Kompong Khleang, Kambodsja
1.   Siem Reap, Kambodsja
2.   Heidelberg, Tyskland
3.   Breda, Nederland
4.   Winchester, USA
5.   Boise, USA
6.   Phoenix, USA
7.   Los Angeles, USA
Ronny Brede Aase og Silje Nordnes Michael Bolton
4 5 0.   Ha Chadwick, Lesotho
1.   Maseru, Lesotho
2.   Johannesburg, Sør-Afrika
3.   Cape Town, Sør-Afrika
4.   Nairobi, Kenya[5]
5.   New York, USA
Live Nelvik og Jenny Skavlan Wyclef Jean
5 7 0.   Tosor, Kirgisistan
1.   Bisjkek, Kirgisistan
2.   Koh Samui, Thailand
3.   Moskva, Russland
4.   Los Angeles, USA
5.   Los Angeles, USA
6.   Los Angeles, USA
7.   Los Angeles, USA
Leo Ajkic og Sophie Elise Isachsen Kelis
6 6 0.   Colchani, Bolivia
1.   Buenos Aires, Argentina
2.   Buenos Aires, Argentina
3.   Buenos Aires, Argentina
4.   Khmelnytskyj, Ukraina
5.   Kiev, Ukraina[6]
6.   Moskva, Russland
Robert Stoltenberg og Erik Thorstvedt Sergej Karjakin

Sesong 2 (2019)

endre
Episode Tal steg Reiserute Par[7] Mål for oppdraget
1 6 0.   Tumul, Russland
1.   Tumul, Russland
2.   Pokrovsk, Russland
3.   Delitzsch, Tyskland
4.   Sundsvall, Sverige
5.   Sigtuna, Sverige
6.   Laguna Niguel, USA
Else og Cecilie Ramona Kåss Furuseth Maria Montazami
2 6 0.   Shakaria, Jordan
1.   Amman, Jordan
2.   Berlin, Tyskland
3.   Toronto, Canada
4.   Los Angeles, USA
5.   Los Angeles, USA
6.   Los Angeles, USA
Herman Flesvig og Mikkel Niva Kristanna Loken
3 6 0.   Santana, São Tomé og Príncipe
1.   Lisboa, Portugal
2.   Glasgow, Skottland
3.   Miami, USA
4.   Oslo, Noreg
5.   Oslo, Noreg
6.   Oslo, Noreg
Svein Østvik og Kathrine Sørland Erna Solberg
4 6 0.   Oqaatsut, Grønland
1.   Ilulissat, Grønland
2.   Reykjavík, Island
3.   Funchal, Portugal
4.   Lisboa, Portugal
5.   Tel Aviv, Israel[8]
6.   Tel Aviv, Israel
Solveig Kloppen og Helén Vikstvedt Netta Barzilai
5 6 0.   Bắc Sơn, Vietnam
1.   Bắc Sơn, Vietnam
2.   Hanoi, Vietnam
3.   Alingsås, Sverige
4.   Alingsås, Sverige
5.   Göteborg, Sverige
6.   London, Storbritannia
Birgit Skarstein og Ole Martin Årst Ruud Gullit
6 6 0.   Saboga, Panama
1.   Panama by, Panama
2.   Madrid, Spania
3.   Lisboa, Portugal
4.   Cannes, Frankrike
5.   Cannes, Frankrike
6.   Helsingfors, Finland
Thomas Alsgaard og Niklas Baarli Krista Kosonen

Referansar

endre
  1. «Vinnere av Gullruten 2019». nrk.no. 11. mai 2019. Henta 11. mai 2019. 
  2. «Storeslem til NRK under Gullrutens fagpriser - gull til både 22. juli og Exit». kampanje.com. 19. juni 2020. Henta 19. juni 2020. 
  3. «Klart for Gullruten-fest – her er alle de nominerte». kampanje.no. 3. juni 2020. Henta 5. juni 2020. 
  4. «De nominerte til Gullrutens fagpriser 2020». rushprint.no. 3. juni 2020. Henta 5. juni 2020. 
  5. Av medisinsk omsyn til Nelvik, som var gravid på tidspunktet innspelinga gjekk for seg, reiste ikkje Nelvik og Skavlan til Nairobi for å oppsøkje ”det fjerde steget”. Dei tok i staden for kontakt med han via Skype mens dei fortsatt var i Cape Town.
  6. På grunn av at Karjakin skifta statsborgarskap i 2009 og konflikten mellom Ukraina og Russland om Krim-halvøya, nekta stormeistaren Oleh Romanysjyn å møte Stoltenberg og Thorstvedt til intervju, men bekrefta via telefon at han kjente Karjakin.
  7. «Jorden rundt på seks steg, sesong 2». NRK.no. 1. oktober 2019. 
  8. Kloppen måtte avbryte reisa pga. betennelse i kjevebeinet. Vikstvedt fortsatte reisa og drog åleine til Tel Aviv. Vikstvedt hadde med seg Kloppen på Skype, då ho møtte «det femte steget» og Netta Barzilai.

Bakgrunnsstoff

endre