Helen Bøsterud
norsk politikar
(Omdirigert frå Helen Marie Bøsterud)
Helen Marie Bøsterud (fødd 15. februar 1940 i Oslo) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var innvald på Stortinget frå Akershus frå 1977 til 1993, og var justisminister frå 1986 til 1989 i Gro Harlem Brundtland si andre regjering.
Helen Bøsterud | |||
| |||
Fødd | 15. februar 1940 (84 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Alle verv |
|
Ho er utdanna spesialpedagog ved Oslo lærerhøgskole (1961) og Statens spesiallærerhøgskole (1972).
Før ho blei heiltidspolitikar arbeidde Bøsterud som lærar i Vestby kommune. I perioden 1975-79 var ho medlem av Akershus fylkesting. Ho var varamann til Nordisk råd i perioden 1979-81. Vidare var ho medlem av representantskapen i Vestby Ap i 1972-82.
Etter at ho gjekk ut av Stortinget var ho direktør for Direktoratet for sivilt beredskap frå 1993 til 2003.
Regjering
endre- 21. april 1980–14. oktober 1981 Statssekretær i Sosialdepartementet[1]
- 9. mai 1986–16. oktober 1989 Statsråd i Justis- og politidepartementet (justisminister)[2]
Stortingets presidentskap
endre- 11. oktober 1977–21. april 1980 Varasekretær i Stortinget
Stortingskomitéar
endre- 1977–1981 medlem i Sosialkomitéen
- 1981–1985 formann i Justiskomitéen
- 1981–1985 varamedlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
- 1981–1985 varamedlem i Valkomitéen
- 1985–1989 medlem i Kontrollkomitéen
- 1985–1989 leiar i Justiskomitéen
- 1985–1989 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
- 1985–1989 varamedlem i Valkomitéen
- 1989–1993 nestleiar i Forsvarskomitéen
- 1989–1993 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
Kjelder
endre- ↑ «Odvar Nordlis regjering». Regjeringa.no. Henta 12. oktober 2017.
- ↑ «Gro Harlem Brundtlands andre regjering». Regjeringa.no. Henta 12. oktober 2017.