Helgøya i Karlsøy

Helgøya er ei øy i Karlsøy kommune i Troms. Øya ligg nord for Ringvassøy og har eit areal på 43 km². Namnet Helgøy kjem av Helløy, Helgøy eller Heiløy; «den heilage øya». Helgøya har hatt kyrkje frå 1200-talet. Kyrkjestaden var tidlegare eit aktivt handelsstad og knutepunkt for fiskarar i regionen. Helgøy var eigen kommune fram til 1964, då han vart del av Karlsøy kommune. Helgøy kommune bestod av den vestlege delen av dagens Karlsøy kommune. Kyrkjestaden Helgøy hadde eige posthus og ferjesamband fram til 1999. No er Helgøya fråflytta og vert mest nytta som feriestad.

Helgøya
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 70°06′26″N 19°22′13″E / 70.10722°N 19.37028°E / 70.10722; 19.37028

Areal 43 km²

Høgaste punkt Storheia (486 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Troms

Demografi
Folketal Ingen fastbuande

Keisar Wilhelm II av Tyskland vitja Helgøy fleire gonger før 1914, og skjenka innbyggjarane smaragd i gåve. Smaragden er no hos Tromsø Museum.

Kyrkja som står på Helgøy i dag, vart ført hit frå HamnSenja i januar 1888. Ho kom til Hamn om lag 1877 og før dette hadde ho stått på Hemnes i Helgeland, og var opphavleg bygd i 1741. Kyrkja den erstatta på Helgøy hadde stått der i 225 år. Helgøy kyrkje vert framleis nytta ved spesielle høve, og då vert det sett opp ferje for passasjertrafikk.

Helgøy kommune 1886 - 1964 endre

Helgøy kommune vart oppretta 1. september 1886, då han vart skilt ut frå Karlsøy kommune. Kommunen hadde då 828 innbyggjarar. 1. januar 1964 vart kommunen slått saman med Karlsøy kommune att.[1]

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for tidlegare Helgøy kommune frå 1890 til 1964:

1890[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1964[1]
1102 1410 1565 1706 1634 1528 1495

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 Arkivert 2011-05-25 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Malangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå