Opna hovudmenyen

Helga Gunerius Eriksen

norsk skribent

Helga Gunerius Eriksen (fødd 11. oktober 1950 i Stavanger)[1] er ein norsk forfattar.

Helga Gunerius Eriksen
Helga G Eriksen.jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 11. oktober 1950 (69 år)
Stavanger
Yrke Forfattar
Periode 1986-
Debut På stripejakt

Ho voks opp på Stord, er utdanna cand.mag. med faga keramikk og filosofi, og bur no i Bergen.[2]

Eriksen har skrive biletbøker for både born og vaksne, romanar og forteljingar for born, ungdom og vaksne, og dramatikk for fleire aldersgrupper. Ho debuterte i 1986 med biletboka På stripejakt, og har vunne fleire litteraturprisar, mellom anna Brageprisen 2003 for biletboka Flugepapir saman med illustratør Gry Moursund.[2]

BibliografiEndra

Bøker for vaksne
  • Dersom du, roman, Samlaget 1994
  • Kvadratiske konturar, biletbok for vaksne saman med Kurt Johannessen, Samlaget 1998
  • Rut, roman, Samlaget 2002
  • Påls reise, fagbok tilpassa vaksne med utviklingshemning, Samlaget 2009
Barne- og ungdomslitteratur
  • På stripejakt (biletbok saman med Jørgen Blitzner, J.W. Eide 1986)
  • Tashi og tanken som vart vekk (biletbok saman med Jørgen Blitzner, J.W. Eide 1987)
  • Båten i treet (roman for born, illustrert av forfattaren, J.W. Eide 1988)
  • Inga jente er som du! (ungdomsroman, Det Norske Samlaget 1989)
  • Eg øver meg, eg øver meg (biletbok saman med Kristian Finborud, Samlaget 1990)
  • Finn Inga! (ungdomsroman, Det Norske Samlaget, Kritikerprisen beste barnebok 1991)
  • Stjerna over Bergen (ungdomsroman, Aschehoug 1992)
  • Vi skal gjere det! (biletbok saman med Anne Knutsdatter Wille, Det Norske Samlaget 1993)
  • Ingen ser meg (lettlest, illustrert av Kurt Johannessen, Damm leseløve 1993)
  • Eit kyss er nok (lettlest, illustrert av Kurt Johannessen, Damm Leseløve 1994)
  • Jungelord (biletbok saman med Gro Torvaldsen Rykkelid, Helteserien Damm 1994)
  • Snakke er sølv (lettlest, illustrert av Kurt Johannesen, Damm Leseløve 1995)
  • Donna Q (ungdomsroman, Det Norske Samlaget 1995)
  • Vi kjem frå havet (forteljing for born/ungdom illustrert av Svein Rønning, Samlaget 1998)
  • Flugepapir (biletbok saman med Gry Moursund, Samlaget, Brageprisen barnelitteratur 2003)
  • Roma amoR (ungdomsroman, Samlaget 2004)
  • Komme og gå (biletbok saman med Morten Øen, Samlaget 2005)
  • Eg er på veg (ungdomsroman, Samlaget 2006, nominert til Kritikerprisen)
  • Peri og Peti vender om (biletbok, 2013)
Andre prosjekt
  • Din inngang og din utgang og Minne. 2 teatertablå i samarbeid m/biletkunstnarar, B.I.T.
  • Meter fleirkunstnarleg prosjekt – tekstinstallasjon, Trondheim Kunstsenter 1994
  • UTL – fleirkunstnarleg prosjekt – tekst i terreng, landskapskunst i Årdal 1999-2000
  • Postpoesi for papirkorga, plakatkunst for byrom, Bergen 2003
  • Beijing – Barentsburg 1-24 Kalender/postkort til galleri Parken 2006

Prisar og utmerkingarEndra

ReferansarEndra

  1. «Helga Gunerius Eriksen (11.10.1950)». forfatterkatalogen.no. Henta 11. november 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Helga Gunerius Eriksen». Nettstaden til Samlaget. Henta 11. november 2012. 

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra