Helge Brendryen

norsk skihoppar

Helge Brendryen (fødd 17. februar 1974) er ein norsk, tidlegare skihoppar. Under Ski-VM 1993 i Falun tok Brendryen gull med det norske laget i lagkonkurransen. Dei andre på laget var Bjørn Myrbakken, Øyvind Berg og Espen Bredesen. Han kom på femteplassen i storbakken. OL-sesongen 1994 hamna han langt nede på resultatlistene. 1995-sesongen vart ikkje mykje betre, men han overraska og vann sølvmedaljen under noregsmeisterskapen i Holmenkollen. Men han var langt bak den suverene vinnaren, Lasse Ottesen.

Helge Brendryen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. april 1972 (52 år)
Noreg
Idrett skihopping

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1993: VM-gull for lag. Nr 5 i stor bakke under VM i Falun. Nr 8 i Tauplitz (skiflyging)
  • 1995: Nr 20 i Vikersund (skiflyging)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

  • 1993: Nr 5 både i normalbakken på Lillehammer og i storbakken på Odnes
  • 1995: Sølvmedalje i storbakken i Oslo

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre