Bjørn Myrbakken (fødd 15. august 1972) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Fannrem. Under Ski-VM 1993 i Falun var Myrbakken med på det norske gulllaget i lagkonkurransen. Dei andre var Helge Brendryen, Øyvind Berg og Espen Bredesen. Myrbakken var medlem av Orkdal Idrettslag.

Bjørn Myrbakken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. august 1972 (51 år)
Orkdal kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1994

Myrbakken debuterte i verdscupen i Trondheim i mars 1991. Hans beste plasseringar i verdscupen var to tredjeplassar. Den fyrste kom i Sapporo i desember 1992, den andre i Gross-Titlis-bakken i Engelberg, temmeleg nøyaktig eit år etter.

Under ski-VM 1993 i Falun var Myrbakken med på det norske laget som vart verdsmeistrar i laghopping. I dei individuelle renna gjorde han det dårleg, vart nummer 33 og 36. Myrbakken vann sølvmedaljen under noregsmeisterskapen i stor bakke i Odnesbakken i 1993, men var langt bak noregsmeisteren Espen Bredesen.

Besteplasseringar i internasjonale renn endre

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

  • 1991: Nr 12 i storbakken i Bærum
  • 1992: Nr 7 i normalbakken i Molde
  • 1993: Sølvmedalje i storbakken på Odnes, nr 6 i normalbakken på Lillehammer

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre