Helge Rykkja (fødd 13. juni 1943Mysen, daud 13. juni 2020 i Kragerø) var ein norsk forfattar og lærar. Han debuterte i 1966 med diktsamlinga Bok på eit forlag han starta saman med Jan Erik Vold. Både debuten og andreboka Poesi (1968) er eksperimentelle samlingar. Den neste diktboka hans, Kommune (1979), har ein klår maoistisk tendens.[1]

Helge Rykkja
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. august 1943
Mysen
Død

13. juni 2020 (76 år)
Kragerø kommune

Yrke redaktør, lærar, lyrikar
Politisk parti Raudt

Mellom 1966 og 1969 var Rykkja med i redaksjonen til tidsskriftet Profil og var på eit tidspunkt sjølv redaktør. På syttitalet slo han seg ned i Kragerø, der han vart buande og arbeidde som lærar. I byrjinga av forfattarskapen skreiv Rykkja på bokmål, men etter kvart gjekk han over til å skriva på nynorsk.

I 1968 vart eit av dikta frå samlinga Poesi lese opp frå Stortingets talarstol som ei åtvaring mot moderne poesi. Denne hendinga førte paradoksalt nok til at heile opplaget på 3000 eksemplar vart utselt. Merksemda kring poesien hans fekk endå eit lyft då Rykkja i 1971 vart teken med i diktantologien Poesi 14 x 14 saman med kjende diktarar som Olav H. Hauge, Stein Mehren og Rolf Jacobsen.

I 2018 vart Dikt i samling gjeven ut på Aschehoug.

Verk endre

  • 2018 Dikt i samling (dikt) – Aschehoug forlag
  • 2007 Kor blei klassen av? (sakprosa) – Fagbokforlaget
  • 2006 Bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar (dikt) – Aschehoug forlag
  • 2004 Slutningar til knes (dikt) – Aschehoug forlag
  • 2003 Eit hus mellom andre (dikt) – Aschehoug forlag
  • 1998 Eit kjærleikstema (dikt) – Aschehoug forlag
  • 1994 Filosofi, sa du. Ein syklus (dikt) – Aschehoug forlag
  • 1984 Formalisten (prosa) – Arbeidern forlag
  • 1983 Blokka ungeberget (barnebok) – Oktober forlag
  • 1982 Draken i solbærbuskane (dikt) – Oktober forlag
  • 1979 Kommune (dikt) – Oktober forlag
  • 1968 Poesi (dikt) – Pax forlag
  • 1966 Bok (dikt) – Kommet Forlag (nyutgjeve på Aschehoug i 1997)

Kjelder endre

  • Torvund, H. (2020, 19. juni). Helge Rykkja (1943-2020). Dag og Tid, 23.

Fotnotar endre

  1. Helge Rykkja i Store norske leksikon på snl.no. Henta 21. juni 2020 frå https://snl.no/Helge_Rykkja

Bakgrunnsstoff endre