For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Flaks.

Hell er ein tettstad i bygda Lånke i Stjørdal kommune i Trøndelag fylke, med 1 836 innbyggjarar per 1. januar 2017. Her er ein gamal jarnbanestasjon på Meråkerbanen og Nordlandsbanen.

Hell
tettstad
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Stjørdal
Areal 1,04 km²
Folketal 1 836  (2022)
Folketettleik 1 765 / km²
Postnummer 7517 HELL
Kart
Hell
63°26′40″ N 10°55′21″ E
Wikimedia Commons: Hell, Norway
Namneskiltet på Hell stasjon vekkjer åtgaum hjå engelskkunnige farande, ettersom Hell på engelsk tydar helvete, og Gods-expedition kan vrangtolkast til Guds expedition.

Namnet «Hell» på denne staden har opphav i det same namnet på ein gard i området, og kjem frå det gamalnorske ordet hellir, som tyder overheng, heller. Garden ligg i nærleiken av ein overhangande fjellknaus der det òg er helleristingar frå steinalderen.[1]

For eit par hundre år sidan vart staden kalla Helle[2].

Hell ligg sørom Værnes lufthamn og Stjørdalselva. Fram til 1. januar 1962 var Hell administrasjonssentrum i Lånke kommune, som på denne datoen vart innlemma i det som då vart den nye Stjørdal kommune.

Kjelder endre

  1. Sandnes, Jørn & Ola Stemshaug, 2007, Norsk stadnamnleksikon, Oslo: Det Norske Samlaget. Side 207. ISBN 978-82-521-4905-0
  2. Fölsch, E.G., Resa i Norrige år 1817, Strängnäs, 1818.

Bakgrunnsstoff endre