Killing Machine

(Omdirigert frå Hell Bent for Leather)
Killing Machine
Studioalbum av Judas Priest
Språk engelsk
Utgjeve 9. oktober 1978 (UK)
28. februar 1979 (US)
Innspelt August – September 1978 at Utopia and CBS Studios, London
Sjanger Heavy metal
Lengd 35:06 (Killing Machine)

38:30 (Hell Bent For Leather)

Selskap Columbia
Produsent Judas Priest, James Guthrie
Judas Priest-kronologi 
Stained Class
(1978)
Killing Machine Unleashed in the East
(1979)
Singlar frå Killing Machine
  1. «Take On The World»
    Utgjeve: 20. januar 1979
  2. «Evening Star»
    Utgjeve: 12. mai 1979
  3. «Rock Forever»
    Utgjeve: 1979

Killing Machine (kalla Hell Bent for Leather i USA på grunn av kontroversar på tida då albumet kom ut) er det femte studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Då det kom ut i oktober 1978 tok det bandet i retninga av ein meir kommersiell stil, men heldt likevel dei mørke tekstane frå dei førre albuma. Omtrent samstundes byrja bandet å bruke den no kjende klesstilen med skinn og naglar. Dette var det siste studioalbumet deira med trommeslagaren Les Binks.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]

Forskjellige titlar endre

Killing Machine vart kalla Hell Bent for Leather då det kom ut i USA tidleg i 1979, fordi den amerikanske avdelinga av Columbia/CBS ikkje likte «mord-indikasjonane» i tittelen. Begge titlane kjem frå songar på albumet. På den amerikanske utgåva vart «The Green Manalishi (With the Two Prong Crown)», ein tidleg Fleetwood Mac-song, lagt til.

Albumet vart òg trykt i raud vinyl i Storbritannia.

Oversyn endre

Med Killing Machine byrja Judas Priest å gå mot eit meir kommersielt format og gjekk bort frå komplekse, fantasi-aktige songar frå dei førre tre albuma. Albumet hadde likevel framleis mørke undertonar, men var meir basert på realisme. Dette gjekk òg att i korleis dei kledde seg på scenen. Dei slutta å gå kledde i gotiske kapper og byrja å gå i skinn, men dette kan òg ha vore inspirert av den nye punk- og new wave-rørsla. Glenn Tipton sa i eit intervju frå den tida at «Eg trur me er ein del av New Wave, den nye bølgja. Trass alt er me kjappe, aggressive og spanande, som er det det handlar om.» Songar som «Burnin' Up» og «Evil Fantasies» har mange S&M-tema, medan «Running Wild» handlar om å feste til langt på natt, medan «Before the Dawn» er ein mørk ballade. Singelen «Take on the World» var eit forsøk på å produsere ein stadion-anthem liknande Queen sin «We Will Rock You», og vart òg spelt av New Wave-bandet The Human League på turneen deira i 1980.[2] Albumet selde etter kvart til gullplate i USA. Lydkvaliteten på albumet var betre enn på tidlegare Judas Priest-album, som er blitt kritiserte for ein særleg flat lyd, og lyden vart ytterlegare betra på det neste albumet, gjennombrotet deira , British Steel.

Nyare utgåver endre

Albumet vart mastra på ny i 2001 og kom ut med to bonusspor (tre i Storbritannia). Bonussporet «Fight for Your Life» var den «originale» versjonen av Judas Priest sin «Rock Hard Ride Free» frå albumet Defenders of the Faith. «The Green Manalishi (With the Two-Pronged Crown)» vert rekna som eit bonusspor i Storbritannia, men eit vanleg albumspor i USA.

I 2010 gav Audio Fidelity ut ein avgrensa 24-karat gull-CD av Hell Bent for Leather. Dette inneheld ingen bonusspor.

Innspeling og produksjon endre

Dette var det første Judas Priest-albumet der Glenn Tipton spelte gitarsoloar med tapping, kanskje inspirert av Eddie Van Halen som nettopp hadde popularisert teknikken. Albumet var det siste for trommeslagaren Les Binks, som kom inn i bandet tidleg i 1977.

Mottaking endre

I 2005 vart Killing Machine rangert på 321. plassen på lista til magasinet Rock Hard over dei 500 beste rock- og metal-albuma gjennom tidene.[3]

I popkulturen endre

Songen «Hell Bent for Leather» vart nytta i Ari Gold-filmen Adventures of Power frå 2008 og i videospelet Guitar Hero: Metallica frå 2009.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Delivering the Goods»Rob Halford, K.K. Downing, Glenn Tipton4:16
2.«Rock Forever»Halford, Downing, Tipton3:19
3.«Evening Star»Halford, Tipton4:06
4.«Hell Bent for Leather»Tipton2:41
5.«Take On the World»Halford, Tipton3:00
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Burnin' Up»Downing, Tipton4:07
7.«The Green Manalishi (With the Two-Pronged Crown)» (Fleetwood Mac-song, berre på Hell Bent for Leather)Peter Green3:23
8.«Killing Machine»Tipton3:01
9.«Running Wild»Tipton2:58
10.«Before the Dawn»Halford, Downing, Tipton3:23
11.«Evil Fantasies»Halford, Downing, Tipton4:15
Bonusspor på 2001-utgåva
Nr.TittelLengd
12.«Fight for Your Life» (Innspelt i 1982 under Screaming for Vengeance-innspelinga)4:06
13.«Riding on the Wind» (Live på US Festival i Devore i California; 29. mai 1983)3:16

Medverkande endre

Judas Priest
Produksjon
  • Produsert av James Guthrie og Judas Priest
  • Lydteknikar: James Guthrie, assistert av Damian Korner, Andrew Jackson, Kevin Dallimore og Andrew Clark
  • Design av Rosław Szaybo
  • Fotografi av Bob Elsdale

Lister endre

U.S. Billboard 200

År Liste Plassering
1979 Pop Albums 128

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[4] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. «Killing Machine review». AllMusic. 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. januar 2013, henta 14. september 2016 
  3. [...], Rock Hard (Hrsg.). [Red.: Michael Rensen. Mitarb.: Götz Kühnemund] (2005). Best of Rock & Metal die 500 stärksten Scheiben aller Zeiten. Königswinter: Heel. s. 82. ISBN 3-89880-517-4. 
  4. «American album salstrofé – Judas Priest – Point of Entry». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH