Help Me av Joni Mitchell

Help Me
Singel av Joni Mitchell
frå albumet Court and Spark
B-side

Just Like This Train

Utgjeve Mars 1974
Innspelt 1973
Sjanger Softrock
Lengd 3:22
Selskap Asylum
Komponist Joni Mitchell
Tekstforfattar Joni Mitchell
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell
Produsent Joni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi 
«Raised on Robbery»
(1973)
Help Me «Free Man in Paris»
(1974)


«Help Me» er ein song skriven, produsert og framført av Joni Mitchell frå albumet hennar Court and Spark i 1974. Songen vart spelt inn med jazzbandet Tom Scott's L.A. Express som akkompagnement.[1] «Help Me» vart den største hitten til Mitchell og nådde sjuandeplassen i juni 1974 på Billboard Hot 100, som den einaste av songane hennar som nådde topp 10 på denne lista. Songen gjekk òg til topps på easy listening-lista.[2]

Billboard skildra teksten på songen som «eit rom om hjelp til å kjenne seg bra.»[3]

Songen vart rangert på 288. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4]

Andre versjonar endre

Artistar som har spelt inn songen er mellom andre:

I populærkulturen endre

Prince-songen «Ballad of Dorothy Parker» (frå albumet Sign o' the Times frå 1987) nemner songen i teksten: «..and it was Joni singing: ‘Help me, I think I'm falling’.» Ein kan òg høyre ein sampling av songen på «Looking Through Patient Eyes» av P.M. Dawn.

I showet South Park syng karakteren Butters denne songen i episode to av sesong 11. I sjette sesongen av TV-serien Shameless syng hovudrolla Frank Gallagher, og kjærasten Queenie, songen under ein frokost.

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1974) Plassering
Canada RPM Top Singles 6
Canada RPM Adult Contemporary 4
U.S. Billboard Hot 100 [6] 7
U.S. Billboard Adult Contemporary[2] 1
U.S. Cash Box Top 100[7] 8

Årslister endre

Liste (1974) Plassering
Canada RPM Top Singles [8] 82
U.S. Billboard Hot 100 [9] 53
U.S. Cash Box [10] 50

Kjelder endre

  1. «Help Me by Joni Mitchell Songfacts». Songfacts.com. Henta 9. oktober 2016. 
  2. 2,0 2,1 Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 172. 
  3. «Top Single Picks» (PDF). Billboard. 2. mars 1974. s. 60. Henta 12. januar 2021. 
  4. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. Arkivert frå originalen 27. november 2009. Henta 26. januar 2021. 
  5. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. januar 2021, henta 26. januar 2021 
  6. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  7. «Cash Box Top 100 6/15/74». Tropicalglen.com. 15. juni 1974. Arkivert frå originalen 3. oktober 2016. Henta 9. oktober 2016. 
  8. «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 9. oktober 2016. 
  9. «Top 100 Hits of 1974/Top 100 Songs of 1974». Musicoutfitters.com. Henta 9. oktober 2016. 
  10. «Cash Box YE Pop Singles - 1974». Tropicalglen.com. 28. desember 1974. Arkivert frå originalen 22. juli 2019. Henta 9. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff endre