Helpless av Neil Young

Helpless
Song av Crosby, Stills, Nash & Young
frå albumet Déjà Vu
Språk engelsk
Utgjeve 11. mars 1970
Innspelt 1969
Sjanger Folkrock
Lengd 3:30
Selskap Atlantic Records
Komponist Neil Young
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Crosby, Stills, Nash & Young

«Helpless» er ein song skriven av Neil Young og spelt inn av Crosby, Stills, Nash & Young på albumet Déjà Vu.

«Helpless» vart opphavleg spelt inn av bandet til Young, Crazy Horse tidleg i 1969, før bandmedlemmene hans i CSNY (han slo seg saman med trioen midtvegs i 1969) overbeviste han om at songen ville passe dei betre. Songen er enkel, og i røynda er det repetering av ein melodi over ein fallande D-A-G akkordprogressjon. Men trass i (eller kanskje på grunn av) den enkle songen, var det vanskeleg for gruppa å finne eit passande arrangement, og det vart spelt inn mange forskjellige versjonar av songen før dei til slutt valde den langsame versjonen som finst på albumet. På denne siste versjonen var Young i framgrunnen, song versa og refrenget, medan bandmedlemmene er med og korer på refrenget. Instrumenta som vart nytta var akustisk gitar, elektrisk gitar med volumpedal og tremolo, piano, bass og trommer. Det vart ein av dei mest akta songane på Déjà Vu (musikkmagasinet Q omtalar det som ein av utstillingsgjenstandane på albumet) og han har vorte spelt mykje på konsertane til Young dei neste tretti åra. Ein alternativ utgåve av CSNY finst på Neil Young sin Archives Vol. 1. Denne har munnspelet til Young meir tydeleg i miksen.

I opningslinja nemner Neil Young «town in North Ontario», ein by i Nord-Ontario, og mange har trudd at dette er heimstaden til Young i Ontario, der han vart fødd. Young sjølv snakka om dette i eit intervju i 1995:

«Vel, det er ikkje bokstavleg talt ein spesifikk by, men meir ei kjensle. I røynda er det fleire byar. Omemee, Ontario, er ein av dei. Det var der eg først gjekk på skulen og voks opp. Faktisk vart eg fødd i Toronto...»"

Medverkande endre

Andre medverkande

Andre versjonar endre

Den eksperimentelle rockeartisten Bill Nelson spelte inn ein versjon av songen. k.d lang spelte ein versjon med strykarar for albumet Hymns of the 49th Parallel. Nick Cave har òg gjort ein versjon av songen for eit hyllestalbum for Young. Young sjølv har spelt songen i lag med the Band og Joni Mitchell i filmen The Last Waltz. Patti Smith spelte songen på albumet hennar Twelve.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre