Jan Christian Vestre
Jan Christian Vestre (fødd 9. oktober 1986) er ein norsk jurist og politikar for Arbeidarpartiet frå Haugesund. Han har vore næringsminister i Støre-regjeringa sidan 14. oktober 2021. Før han gjekk inn i regjering var han dagleg leiar i den norske møbelprodusenten Vestre AS.[1][2]
Jan Christian Vestre | |
![]() | |
Fødd | 9. oktober 1986 (36 år) Haugesund kommune |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar, bedriftsleiar |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo |
Alle verv |
Bakgrunn Endra
Vestre har enkeltemne i statsvitskap og master i rettsvitskap frå Universitetet i Oslo.[3] I 2019 vart han utnemnd til beste norske vekstskapar i den internasjonale konkurransen «EY Entrepreneur Of The Year», og i 2020 vart han kåra til årets berekraftsleiar av E24.[4][5]
Vestre overlevde skytinga på Utøya.[6] Mellom 2013–2017 var han styreleiar for gjenreisninga av Utøya etter terroråtaka i Noreg 2011. Han var politisk rådgjevar for nærings- og handelsminister Trond Giske i regjeringa Stoltenberg II,[7] politisk rådgjevar i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe frå 2010 til 2012, sentralstyremedlem i AUF frå 2010 til 2012, leiar av Utdanningspolitisk forum i Oslo Arbeidarparti frå 2008 til 2015, leiar av Elevorganisasjonen frå 2006 til 2007 og medlem av det regjeringsoppnemnde utvalet for fag- og yrkesopplæring frå 2007 til 2008.[2][8]
Kjelder Endra
- ↑ «Med hjerte for uterommet». Dagens Næringsliv.
- ↑ 2,0 2,1 «Jan Christian Vestre», Arbeiderpartiet (på norsk bokmål), henta 22. november 2022
- ↑ «Næringsminister Jan Christian Vestre», Regjeringen.no (på norsk), 14. oktober 2021, henta 22. november 2022
- ↑ Haugstad, Tormod (23. februar 2020). «Han er kåret til Norges beste vekstskaper. Forbildet er Sam Eyde» (på norsk). Henta 7. januar 2021.
- ↑ «Vestre-sjef: – Vi har sagt fra oss prosjekter, vi har ikke lyst til å tjene penger på noe vi mener er umoralsk» (på norsk bokmål). Henta 7. januar 2021.
- ↑ Birkelund, Helge Rønning (14. oktober 2021). «To av de nye statsrådene overlevde Utøya: – En seier for demokratiet, mener Støre» (på norsk bokmål). Henta 15. oktober 2021.
- ↑ «Politisk rådgiver Jan Christian Vestre (Ap)». Regjeringen.no.
- ↑ «NOU 2008:18 Fagopplæring for framtida». Kunnskapsdepartementet.
- Denne artikkelen bygger på «Jan Christian Vestre» frå Wikipedia på bokmål, den 22. november 2022.