Opna hovudmenyen

Heming Unge er ein segnfigur kjend gjennom folkeviser og segner.

«Det ser eg på deg, Hemingjen,
du vil inkje late de falle :
du skò renne fjølle de
som drengjine Snara kalle!»
- Heming unge han kunne på skio renne.

Visa om Heming og Harald kongen er fyrste gong kjend nemnd av Tormod Torfæus1700-talet, men vi finn forteljinga som ligg til grunn for visa att i dei islandske handskriftene Hauksbók og Flateyjarbók. I denne Hemingtotten får vi høyre at Heming, son til Aslak på Torgar, vart fostra opp hos eit par gamle samar. Kongen nøydde Aslak til å hente Heming, og han vil prøve guten i idrett. Fyrst skal han prøve seg i bogeskyting, Hemning måtte skyte ei nøtt ned av hovudet til bror sin. Andre idrettar dei prøvde seg i var kappsymjing og skirenning.

Visa Heming og gyvri handlar om Heming som ein eventyrhelt som bergar ei jomfru frå trolla. Også denne visa var kjend av Torfæus.

Visene om Heming Unge er kjende frå Færøyane og frå ulike stader i Noreg. Segnene er kjende frå Island og Noreg. Sidestykke til forteljinga finn vi i det Saxo Grammaticus omkring år 1200 skreiv om Harald Blåtann og Toke. Bogeskyttersegnene er kjende frå England alt omkring år 800, dei var kjende i Noreg i vikingtida, og vandra vidare austover til Finland og og sør gjennom Tyskland til Sveits. Her finn vi segna att i den internasjonalt meir kjende Wilhelm Tell-segna. Forteljingane om den gode symjaren finn vi att i soger og Olav Tryggvason. Skiløparsegna er truleg opphavleg norsk.

Ivar Aasen har nedteikna segna om då Heming kom rennande utfor Øyfjellet i Vefsn.[1] Denne Heming budde på garden Kulstad. Han hadde ei ski det ikkje fanst maken til, ho var så brei at ein kunne stå på ho med begge føtene. Per Sveinsson Ørjedal (1833-1919) meinte han hadde sett denne skia på kyrkjeloftet i Dolstad kyrkje rundt 1850, då han gjekk til konfirmasjon.

Etter lokale segner vart ”tåvio” til skia hans Hemning bruka som dørring i kyrkjedøra; no heng ho på ei av søylene i kyrkja.

KjelderEndra

ReferansarEndra