Hen kyrkje ligg sentralt i bygda Isfjorden i Rauma kommune.

Hen kyrkje
kyrkje
Henkirke-1-Norway.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Romsdal
Stad Isfjorden
Teknikk mur
Material gråstein, treverk
Innvigd 1831
 - Endringar restaurert om lag 1931
Tårn klokketårnet er av treverk som er dekt med kopar
Skip Eitskips hallkyrkje
Kyrkjegard ligg ved kyrkja
Preikestol Frå 1930-åra
Altartavle Frå 1831, nytt måleri frå 1931
Diverse Eit rosemåla skap frå 1788.
Halvard Hatlen har måla seks portrett av tidlegare prestar og eit anna måleri.

Hen kyrkje
62°34′39″ N 7°47′27″ E
Wikimedia Commons: Hen kirke
For den tidlegare kyrkja i Eidsberg, sjå Hen kyrkje i Eidsberg

Kyrkja vart bygd i 1831 av gråstein, tak-konstruksjonen og klokketårnet er av treverk.

Hen kyrkje, Isfjorden.

Kyrkja er bygd på den same plassen der ei eldre kyrkje stod før. Denne var i så dårleg tilstand at ho måtte rivast. Ei gammal kyrkjeklokke frå 1200-talet er bevart og er i dag på RomsdalsmuseetMolde.

InteriøretEndra

Preikestolen som vert brukt i dag er frå 1930-åra.

Altertavla vart laga til kyrkja i 1831. Ein eldre preikestol, som ikkje er i bruk, er plassert midt i altertavla. Då kyrkja vart restaurert i 1931, måla Halvard Hatlen eitt nytt bilde i altertavla.

Elles finst det eit rosemåla skap frå 1788. Halvard Hatlen har måla seks portrett av tidlegare prestar. Desse heng langs langveggane. Han har òg måla et måleri (1942), som heng i koret.

KjeldeEndra

  • Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210

BakgrunnsstoffEndra

  • Hen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren