Henrik Angell
Henrik August Angell (fødd 22. august 1861 i Luster, død 26. januar 1922) var ein norsk offiser, eventyrar, skipionér og forfattar.
Henrik Angell | |||
| |||
Fødd | 22. august 1861 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Luster kommune | ||
Død | 26. januar 1922 | ||
Dødsstad | Oslo |
Militær karriere
endreAngell vart offiser 1882, tenestegjorde ei tid i generalstaben og tok generalstabseksamen i 1898. Han vart major og bataljonssjef i infanteriet i 1910, og oberst og regimentsjef i 1911.
Han var på fleire stipendreiser på Balkan i 1912 og 1914 for å studere fri-skarenes bruk i Balkankrigen. Før dette hadde han eit lengre opphald i Montenegro frå 1897 og studerte krigen der.
I 1918 gjekk han av som norsk offiser for å delta på fransk side i krigen. Han vart løytnant i Fremmedlegionen og deltok først ei kort tid på vestfronten. Seinare i krigen mot bolsjevikane i Nord-Russland, der han på «kvit» side fekk kraftige forfrysningar og måtte amputere - dette tok til slutt livet hans.
Idrett
endreSame året (1884) som Fridtjof Nansen gjekk på ski frå Bergen til Kristiania gjekk Angell også over fjellet på ski.
På oppdrag frå prins Nikola I av Montenegro fekk han i gang landets første skiskule, og blir rekna som grunnleggjar av skisporten i Montenegro. Han medverka også til at den første skiskulen i dei franske Alpene vart skipa (1903). Angell var medlem av den internasjonale olympiske komité frå 1905 til 1907.
Heidersteikn
endreAngell vart tildelt ei rad ordenar og heidersteikn for sitt arbeid.[1] I 1903 vart han tildelt 1. klasse av den norske Medaljen for edel dåd. Han vart dekorert med 4. klasse av den montenegrinske Danilo Is orden, 2. klasse av den serbiske Sankt Savas orden og 3. klasse av den osmanske Mecidi-ordenen. Han vart også ridder av 1. klasse av den svenske Sverdordenen og til ridder av den danske Dannebrogordenen. Angell var offiser av den greske Frelserens orden og ridder av den franske Æreslegionen. I Frankrike vart han også utnemnd til officier des académies.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1895 – Gjennom Montenegro paa ski (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1896 – De sorte fjeldes sønner (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1898 – Svartfjell-sønerne (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1899 – Svartfjell-sønerne (Kristiania: Norges nationale forening) I fulltekst ved nb.no [Nynorsk utg.]
- 1901 – Kaptein Jürgensen og leirdølerne hans (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1902 – Et stærkt folk : montenegrinske fortællinger (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1904 – Kjække gutter og jenter : fortællinger for ungdommen (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1905 – Vor sidste krig : 1807-1814 (Kristiania: Narvesen) I fulltekst ved nb.no
- 1905 – Den siste krigen vaar : 1807-1814 (Kristiania: Narvesen) I fulltekst ved nb.no [Nynorsk utg.]
- 1905 – Fortællinger fra grænsevagten 1905 (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1906 – Forbrydere : et modskrift : nye fortællinger fra grænsevagten (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1906 – Norges krigshistorie : (landkrigene) (Kristiania: Grøndahl) I fulltekst ved nb.no
- 1906 – Stene som taler : billeder og skildringer fra Norges gamles fæstninger (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Av Severin Segelcke og Henrik Angell]
- 1908 – Norsk skilauparsoga : øystredølarne (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1908 – Vikinger og skrællinger paa Bygdø : skrevet med blod og tegnet med blæk av vikingen Leiv Hugleikson litle da han var tretten somre gammel (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1912 – Skotteferdi : eit 300 aars minne 1612-1912 (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1912 – Skottetoget : et 300 aars minde 1612-1912 (Kristiania: Aschehoug)
- 1914 – Eit lite folk i strid for livet : soldatar-sogor fraa Serbia (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1914 – Naar et lidet folk kjæmper for livet : serbiske soldaterfortællinger (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1914 – Syvaars-krigen fra den 17. mai 1807–1814 (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Illustrasjonar av Andreas Schelven Schroeter Bloch]
- 1918 – For Frankrikes ret og ære : fra den franske front (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1918 – Frankrikes søner i vaapn og strid (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift - eit utval
endreKjelder
endre- ↑ Norges statskalender for året 1919, efter offentlig foranstaltning redigeret af B. Rolsted, Kristiania: forlagt av H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), 1919, sp. 838 og 1271.
- Allkunne.no
- Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
- Roy Andersen (2000). Henrik Angell : en nordmann på tvers. Oslo: Aschehoug.