Henrik Laurentius Helliesen

norsk politikar

Henrik Laurentius Helliesen (20. desember 182422. juli 1900) var ein embetsmann, stortingsrepresentant og statsråd. Han var son av Henrik Helliesen.

Henrik Laurentius Helliesen
Visittkortportrett Henrik Laurentius Helliesen - SAS1982-19-003.jpg
Fødd20. desember 1824
Bodø
Død22. juli 1900
Fåberg
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarHenrik Helliesen

Helliesen var fødd i Bodø, og vart student frå Fredrikshalds skole i 1842. I 1847 vart han cand. jur., og to år etter tilsett i finansdepartementet. Han vart der byråsjef i 1853, og eksepedisjonssjef året etter. 1860-63 var han amtmann i Nedenes amt.

1862-63 representerte Helliesen Arendal og GrimstadStortinget, han var medlem av tollkomiteen. I tida frå 22. juni 1863 til 1884, med enkelte korte avbrot, veksla han mellom å vere finansminister og å vere medlem av den norske statsrådsavdelinga i Stockholm. Han leia arbeidet med myntreforma, overgangen til kroner og øre som mynteining, i 1875. 1871 var han nokre månader leiar av indredepartementet, og i 1884 var han kyrkje- og undervisningsminister i drygt tre veker. Han var ein av statsrådane som, 22. mars 1884, vart felt av riksretten i saka mot Selmer-ministeriet.

Helliesen vart vald inn på Stortinget for perioden 1886-88, då tilslutta det nye partiet Høgre. Valet vart forkasta med 76 røyster mot 34.

1884 vart Helliesen tollkasserar i Arendal, frå 1885 var han tollskrivar i Christiania.

Helliesen vart 1876 tildelt storkorset av St. Olavs Orden.

KjelderEndra