Henrik Frisak
Henrik Leganger Frisak (18. juli 1852–1939) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsrepresentant frå Romedal i Hedmark.
Henrik Frisak | |||
Fødd | 18. juli 1852 Romedal | ||
---|---|---|---|
Død | 15. januar 1939 (86 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, advokat, dommar | ||
Barn | Astri Frisak | ||
Alle verv |
|
Frisak var fødd i Romedal, faren var offiser i infanteriet. Sjølv vart han 1867 student frå Nissens skole i Kristiania, fem år seinare vart han cand. jur. 1874-75 var han stenograf i Stortinget, deretter 1875-78 fullmektig hos sorenskrivaren i Romsdal. I perioden 1878-98 var han overrettssakførar i Ålesund. Frå 1898 til 1913 var han sorenskrivar i Sunnmør. Til sist, frå 1913, var han høgsterettsassessor i Kristiania.
I periodane 1890-95, 1899-1904 og 1908-10 var Frisak medlem av bystyret i Ålesund, ordførar 1902-04 og 1908-09. Elles var han direktør i Aalesunds Sparebank 1881-82, seinare mange år direktør i Landmandsbanken i Ålesund. Frisak representerte Ålesund og Molde på Stortinget 1910-12. Han var då medlem av Lagtinget, næringskomite nr 1 og den utvida justiskomiteen. Politisk høyrde han heime i Venstre.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Henrik Frisak NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv