Karoline Krüger

norsk musikar

Karoline Krüger (fødd 13. februar 1970) er ein norsk artist, komponist og skodespelar. Ho vart landskjend i Noreg då ho vann Melodi Grand Prix 1988 med «For vår jord», skriven av Anita Skorgan og Erik Hillestad. Songen kom på femteplass i Eurovision Song Contest same år. Seinare har Krüger etablert seg som komponist og låtskrivar for andre artistar, og ho har medverka i ei rekkje teaterførestillingar.[1][2]

Karoline Krüger
Fødd13. februar 1970 (54 år)
FødestadBergen
OpphavNoreg
Sjangerpop
Instrumentpiano, vokal
PlateselskapKirkelig Kulturverksted
Verka sommusikar, songar, pianist, låtskrivar, plateartist
Gift medSigvart Dagsland
BornSophie Krüger
PrisarKarolineprisen

Karriere endre

Som 11-åring tv-debuterte Krüger med ein eigenkomponert song i programmet HalvsjuNRK.[1] Frå 1986 var ho med i allsongprogrammet Syng med oss på NRK, og ho slo gjennom nasjonalt i 1988 då ho vann Melodi Grand Prix med songen «For vår jord», medan ho framleis var elev ved Bergen katedralskole. Ho kom deretter på ein femteplass i Eurovision Song Contest 1988 i Dublin.

Seinare same år gav Krüger ut debutalbumet sitt, Fasetter. Filmmelodien «You Call It Love» selde same år over 300 000 eksemplar i Frankrike. Etter seks soloalbum har ho frå 2000-talet bevega seg frå popsjangaren og over til teateret, både som songar, skodespelar og som komponist. Ho har medverka i førestillingar som Peer Gynt – Verdensborger, Da Hana møtte henne, André Bjerke-førestillinga De to stemmer, Sondheims Company, Veggen og familieførestillinga Labyrinter! med tekster av André Bjerke. Musikken frå De to stemmer og Labyrinter! vart nominert til høvesvis Spellemannprisen 2004 i klassen viser og Spellemannprisen 2018 i klassen barnemusikk[3].

I dei siste åra har Krüger også markert seg i rein komponistsamanheng, og musikken til Veggen gav ho NOPAs musikkpris 2011. Den kyrkjemusikalske trilogien Jakobmesse, med tekst av Erik Hillestad, har vore framført i fleire nordiske land. Ho har levert album-låtmateriale til fleire norske artistar, og saman med Tor Åge Bringsværd skreiv ho den musikalske fabelen De hellige tre narrer for kor og forteljar, som vart urframført som dramatisert førestilling på NRK1 jula 2003. Frå 2014 til 2016 hadde ho ei leiande rolle i oppsetjinga om Hellemyrsfolket ved Den Nasjonale Scene i heimbyen Bergen.[4]

Siden debuten i 1988 har Krüger gjeve ut ti solo- og duettalbum og medverka på eit titals andre som komponist eller songar. Den siste utgjevinga hennar var albumet Jul, eit duettalbum saman med ektemannen Sigvart Dagsland frå 2013.[2]

Anna endre

Karolineprisen er kalla opp etter Karoline Krüger. Prisen vert delt ut årleg til elevar i videregåande skule som kombinerer gode skoleresultat med topprestasjonar innan idrettkunst og kultur.[5]

Karoline Krüger er gift med artisten Sigvart Dagsland, og paret har to døtrer, der Sophie Krüger også har etablert karriere som artist.

Diskografi endre

Utdrag av singel- og albumutgjevingar av Krüger.[6]

Album endre

  • 1988: Fasetter (1988)
  • 1989: L'etudiante – Studenten ‎
  • 1991: En gang i alles liv
  • 1993: Fuglehjerte
  • 1996: Den andre historien
  • 1999: Sirkeldans
  • 2003: Jakobmesse
  • 2004: De to stemmer
  • 2013: To messer for kjærlighet ( med Erik Hillestad)
  • 2013: Jul (med Sigvart Dagsland)
  • 2018: Labyrinter! (med Fru Nitters Rytmeorkester)

Singlar endre

  • 1986: «I Know It's a Lie»
  • 1988: «You Call It Love»
  • 1988: «For vår jord»

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Rockheim. «Karoline Krüger « Rockipedia». Rockipedia (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 25. april 2016. Henta 2. mai 2017. 
  2. 2,0 2,1 «Official homepage for Karoline Krüger». Official homepage for Karoline Krüger. Arkivert frå originalen 30. september 2020. Henta 2. mai 2017. 
  3. «Spellemann-glipp – nominert artist falt ut av listen». vg.no. 8. februar 2019. Henta 8. februar 2019. 
  4. «Knallanmeldelser for Hellemyrsfolket». DNS. Arkivert frå originalen 2. april 2016. Henta 2. mai 2017. 
  5. «Glåmdalen – Har du hørt om Karolineprisen?». www.glomdalen.no (på norsk). 27. januar 2009. Henta 2. mai 2017. 
  6. «Karoline Krüger». Discogs (på engelsk). Henta 2. mai 2017. 

Bakgrunnsstoff endre