Heidi Ruud Ellingsen
Heidi Ruud Ellingsen (fødd 26. juli 1985 Narvik) er ein norsk skodespelar, dansar og songar, utdanna ved Bårdar Akademiet i Oslo.
Heidi Ruud Ellingsen | |||
| |||
Fødd | 26. juli 1985 (39 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Narvik | ||
Aktive år | 2006– | ||
Verka som | stemmeskodespelar, skodespelar, dansar, songar, programleiar | ||
Sambuar | Mads Ousdal | ||
Prisar | Coop Nords kulturpris |
Ho er kjend for sine roller i ei rekkje musikalar og teaterstykke, og ho har spelt i TV-seriar som Hjem og 100 Code. Ho scenedebuterte i 2006 og slo gjennom i 2008 då ho vann NRK-konkurransen Drømmerollen.
Ho leidde Melodi Grand Prix 2019 saman med Kåre Magnus Bergh.
Karriere
endreDebut
endreEllingsen gjekk musikkteaterlinja ved Bårdar Akademiet i 2004–2006 og debuterte i 2006 i stykket Spelemann på taket på Oslo Nye Teater. Året etter fekk Ellingsen rollen som Kathy Selden i musikalen Singin' in the Rain i knallhard konkurranse med sju andre kvinner i tv-talentshowet Drømmerollen på NRK1.[1] «Du er ein stor musikalartist», sa jurymedlemmar Svein Sturla Hungnes etter kåringen.[2]
Musikalen hadde premiere på hovudscena til Oslo Nye Teater den 30. januar 2008.[3] Etter at stykket var ferdig våren 2008, gjekk Ellingsen over i hovudrolla som Sol i storsatsinga Sol av Isfolket, basert på Margit Sandemo sine tre første bøker i Sagaen om Isfolket. Den mannlege motspelaren hennar var Paul Ottar Haga.[4]
Oslo Nye Teater
endreEllingsen har òg spelt rolla som Cosette i musikalen Les Misérables på Oslo Nye Teater, og deretter Spring Awakening.[5] Hausten 2010 vart ho fast tilsett på Det Norske Teater og hadde hovudrolla Mary i Den hemmelege hagen. Ho var tilsett ved teateret i fem år og medverka i diverse førestillingar, blant andre Enron, Eg elskar deg, du er heilt perfekt, men burde du ikkje …, Tonje Glimmerdal, Spelemann på taket og Rytmar frå verdsrommet. I 2012 spelte ho Oda i NRKs dramaserie Hjem.[6] Ho spelte òg i den svensk-amerikanske HBO-serien 100 Code (2015).[7][8]
Sommaren 2014 og 2015 hadde ho rolla som Solveig i Peer Gynt på Gålå, regissert av Erik Ulfsby. Seinare har ho òg samarbeidd med Arve Tellefsen og Kjetil Bjerkestrand med musikken frå førestillinga.
I 2015 spelte ho hovudrolla i Mary Poppins på Folketeatret i Oslo, og vart tildelt Musikkteaterprisen for innsatsen. Våren 2016 spelte ho i Den hellige Johanna fra Slaktehusene av Bertolt Brecht, regissert av Angelina Stojcevska på Teatret Vårt i Molde.
Hausten 2018 spelte ho hovudrolla i Flashdance på Chateau Neuf i Oslo.[9][10]
Andre oppdrag
endreEllingsen har medverka på diverse konsertar med blant anna Stabsmusikken, Oslo-Filharmonien, Sandvika Storband og Sandefjord Storband.
I mars 2019 var ho programleiar for Melodi Grand Prix 2019 på NRK1 saman med Kåre Magnus Bergh.[11]
Stemmeskodespelar
endreI 2008 debuterte ho som stemmeskodespelar med ei rolle i Disko-ormene som hadde premiere i Noreg i februar 2009. Sidan då har ho gjeve stemme til ei rekkje seriar og filmar, blant dei animasjonsfilmen Istid 4: Kontinent på avveie.
I 2013 spelte Ellingsen hovudrolla som Unn den Fagre i den årlege vikingmusikalen Herøyspelet Kongens Ring saman med blant andre Nils Ole Oftebro og Anette Hoff. Same år spelte Ellingsen ei av hovudrollene i Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy, eit norsk musikkspel av Stig Nilsson. Der hadde ho rolla som Karen Løseth.
Privatliv
endreEllingsen er sambuar med skodespelaren Mads Ousdal, og dei har to barn saman.[12][13]
Utdanning
endre- Narvik musikk- og kulturskule
- Talenter i nord – talentsamling i musikk, dans og drama 2001–2003
- Bårdar Akademiet, musikkteaterlinja 2004–2006
Roller
endre- Peer Gynt (i Giza) – 2006
- Spelemann på taket (Oslo Nye Teater) – 2007, danser/understudy
- Singin' in the Rain (Oslo Nye Teater) – 2008, Kathy Selden
- Sol av Isfolket (Valdres friluftsteater) – 2009–2012, Sol
- Trollkoden (Gålå) – 2009, Solveig
- Les Misérables (Oslo Nye Teater)– 2009, Cosette
- Nordaførr (Nordland Teater) – 2009, Maja
- Spring Awakening (Oslo Nye Teater) – 2010, Thea
- Den hemmelege hagen (Det Norske Teatret) – 2010, Mary Lennox
- Enron – 2011
- Eg elskar deg, du er heilt perfekt, men burde du ikkje … (Det Norske Teatret) – 2011[14]
- Gjøglaren (Det Norske Teatret) – 2011, Giovanni
- Hjem (NRK1) – 2012, Oda
- Istid 4: Kontinenter på avveie (Animasjonsilm) – 2012, Fersken
- 100 Code (HBO) – 2015, Charlie
- Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy – 2013, Karen Lønseth
- Herøyspelet Kongens Ring – 2013, Unn den fagre
- Tonje Glimmerdal (Det Norske Teatret) – Tonje Glimmerdal
- Spelemann på taket (Det Norske Teatret) – 2014, Hodel
- Dei to systrene (Riksscenen) – Villniss kompani, 2014[15]
- Peer Gynt (Gålå) – 2014–2015, Solveig
- Rytmar frå verdsrommet (Det Norske Teatret) – 2015, Mikkmikk Aggen
- Mary Poppins (Folketeateret) – 2015, Mary Poppins
- Den hellige Johanna fra slaktehusene (Teatret Vårt) – 2015, Johanna
- Flashdance (Chateau Neuf) – 2018, Alex
Prisar
endre- Coop Nords kulturpris 2006
- Svarta Bjørn ærespris
- Kulturprisen i Narvik
- Musikkteaterprisen 2015
Kjelder
endre- ↑ Riise, Hege Bakken (20. november 2007). «Heidi vant drømmerollen» (på norsk bokmål). Henta 22. desember 2018.
- ↑ «Jublende Heidi vant Drømmerollen» (på norsk). 20. november 2007. Henta 22. desember 2018.
- ↑ «Velkommen tilpressevisning på singin' in the rain» (på engelsk). 21. januar 2008. Arkivert frå originalen 22. desember 2018. Henta 22. desember 2018.
- ↑ Pedersen, Jan Vidar Lie (10. august 2008). «Suksess for "Sol av Isfolket"» (på norsk bokmål). Henta 22. desember 2018.
- ↑ «Les misérables: om de medvirkende» (på engelsk). 3. februar 2009. Arkivert frå originalen 22. desember 2018. Henta 22. desember 2018.
- ↑ Norderhaug, Martin (3. januar 2013). «Gifter seg i siste sesong av «Hjem»» (på norsk). Henta 22. desember 2018.
- ↑ Steen, Thea (17. oktober 2014). «I all hemmelighet har hun spilt inn en internasjonal tv-serie» (på norsk). Henta 22. desember 2018.
- ↑ «Heidi Ruud Ellingsen». Henta 22. desember 2018.
- ↑ «Heidi blir den nye «Flashdance»-stjernen» (på norsk). 26. november 2017. Henta 22. desember 2018.
- ↑ «Heidi Ruud Ellingsen hylles av VG» (på norsk). 11. oktober 2018. Henta 22. desember 2018.
- ↑ Alnes, Espen (6. desember 2018). «Heidi Ruud Ellingsen blir ny programleiar i MGP». Henta 22. desember 2018.
- ↑ «Mads Ousdal og Heidi Ruud Ellingsen har blitt foreldre» (på norsk). 18. oktober 2016. Henta 22. desember 2018.
- ↑ Bjørnstad, Malini Gaare (9. januar 2016). «Derfor holdt hun og Mads Ousdal tett om forholdet» (på norsk). Henta 22. desember 2018.
- ↑ «Sceneweb». Henta 22. desember 2018.
- ↑ «Villniss Dansekompani - Dei to systrene - RIKSSCENEN - Schous Kulturbryggeri» (på norsk). Henta 22. desember 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Heidi Ruud Ellingsen» frå Wikipedia på bokmål, den 21. november 2021.