Iráklio
Iráklio Lokalt namn Ηράκλειο | |
---|---|
Markusbasilikaen frå 1239 | |
Geografi | |
Stad | Kreta |
Koordinatar | 35°20′N 25°08′E / 35.333°N 25.133°E |
Areal | 244,6 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Kreta Iráklio |
Hovudsete | Iráklio (145 440 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 179 302 (2021[1]) |
Folketettleik | 733,0 /km² |
Iráklio (gresk skrift Ηράκλειο, italiensk Candia) eller Heraklion er den største byen på Kreta i Hellas og den fjerde største i landet. Andre variantar av namnet er Herakleion og Irakleio. I fleire hundreår vart byen kalla Candia (gresk Χάνδαξ eller Χάνδακας, tyrkisk Kandiye).
Iráklio er adminstrasjonssete for periferien Kreta og for periferieininga Iráklio. Ruinane av Knossos, som vart grave ut av Arthur Evans, ligg i nærleiken.
Administrativ inndeling
endreKommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Iráklio
- Gorgolaínis
- Néa Alikarnassós
- Palianí
- Témenos
Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 179 302 innbyggjarar, medan kommunaleininga Iráklio hadde 156 842 og tettstaden med same namn 145 440 innbyggjarar.[1]
Historie
endreIráklio ligg nær ruinane av palasset Knossos, som i den minoiske perioden var den største byen på Kreta. Det er derfor sannsynleg at det låg ei hamn her for så lenge sidan som år 2000 fvt. Det er derimot ingen arkeologiske funn som støttar dette.
Den noverande byen Iráklio vart grunnlagd i 824 evt. av sarasenarar (eit arabisk muslimsk folk). Dei bygde ei vollgrav rundt byen som vern og kalla byen خندق eller Ḫandaq, 'vollgrav'. Sarasenarane lét sjørøvarar få nytta hamna som tilflukt, noko som irriterte det nærliggande Austromarriket.
Den austromerske tida
endreI 961 gjekk austromarane leia av Nikiforos Fokas, seinare austromersk keisar, til åtak og erobra byen, slakta sarasenarane, plyndra og brende byen til grunne. Dei heldt kontrollen over området og gjenoppbygde Khandak dei neste 243 åra.
Den venetianske perioden
endreI 1204 vart byen kjøpt av Republikken Venezia som ein del av ein komplisert politisk avtale som involverte mange andre saker etter det fjerde krosstoget. Venetianarane utbetra vollgrava ved å byggje enorme festningsverk, dei fleste framleis intakt, inkludert ein enorm mur, enkelte stader opp til 40 meter tjukk, med 7 bastionar og ei festning i hamna. Khandak fekk namnet Candia på italiensk og vart sete for hertugen av Candia. Som følgje av dette vart det venetianske administrative distriktet på Kreta kalla Regno di Candioa (Kongedømet Candia). Byen heldt namnet Candia i fleire hundreår og det same namnet vart ofte nytta om heile Kreta.
Etter venetianarane kom tyrkarane i Det osmanske riket. Dei omleira byen i 22 år, i ein blodig krig der mange kretarar og tyrkarar døydde. Venetianarane overgav seg i 1669. Under osmanarane vart byen offisielt kalla Kandiye (som igjen vart nytta om heile Kreta), men vart uformelt kalla Megalo Kastro 'Stor borg'. Under den osmanske perioden vart hamna fylt med slam, så det meste av skipstrafikken flytta til Khaniá vest på øya.
Den moderne perioden
endreI perioden med sjølvstyre under tilsyn frå Stormaktene (1898-1908) var Candia ein del av den britiske sonen. I lag med resten av Kreta vart han ein del av Den kretiske staten i 1908, og så ein del av Hellas i 1913. I den samband vart byen gjeve namnet Iráklio, etter den gamle romerske hamna Heracleum ('Herakles'), som ein ikkje nøyaktig veit kor låg. Det største monumentet i byen er den venetianske mellomalderfestninga Rocca al Mare (òg kalla Koules) som ligg ved hamna.
Klima
endreKreta har eit varmt middelhavsklima. Somrane i låglandet er varme og tørre med klår himmel. Fjellområda er kjøligare og får meir regn. Vintrane i låglandet er milde og ein får sjeldan frost og snø her.
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Normal maks. temp. °C | 15 | 16 | 17 | 20 | 23 | 27 | 29 | 28 | 27 | 23 | 20 | 17 |
Normal min. temp. °C | 9 | 9 | 10 | 12 | 15 | 19 | 22 | 22 | 19 | 17 | 13 | 11 |
Nedbør (mm) | 91,4 | 76,2 | 58,4 | 30,5 | 15,2 | 2,5 | 0 | 0 | 20,3 | 68,6 | 58,4 | 76,2 |
Kjelde: www.weather.com |
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Iráklio | Iráklio | 140 730 | 145 440 |
Néa Alikarnassós | Néa Alikarnassós | 12 925 | 13 029 |
Vasilíes | Iráklio | 1 662 | 1 656 |
Profítis Ilías | Témenos | 1 429 | 1 320 |
Skaláni | Iráklio | 1 180 | 1 182 |
Dafnés | Iráklio | 1 204 | 1 133 |
Káto Asítes | Gorgolaínis | 1 076 | 1 037 |
Stavrákia | Iráklio | 913 | 985 |
Goúrnes | Iráklio | 639 | 918 |
Jofyrákia | Iráklio | 618 | 877 |
Finikiá | Iráklio | 824 | 859 |
Veneráto | Palianí | 836 | 832 |
Kallithéa | Néa Alikarnassós | 734 | 757 |
Voútes | Iráklio | 682 | 719 |
Marathítis | Iráklio | 809 | 704 |
Avjenikí | Palianí | 533 | 608 |
Ájos Mýronas | Gorgolaínis | 612 | 565 |
Ájos Vlásios | Iráklio | 416 | 535 |
Ájos Sýllas | Témenos | 545 | 499 |
Lofoúpoli | Iráklio | 572 | 483 |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
- Denne artikkelen bygger på «Heraklion» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell heimeside
- Informasjon om Iráklio Arkivert 2007-03-15 ved Wayback Machine.
- Bykart og virtuell rundtur