Opna hovudmenyen

Hermann Bongard (fødd (19. november 192120. januar 1998) var ein norsk teiknar, brukskunstnar og formgjevar frå Oslo.

Hermann Bongard
Hermann Bongard ca 1962.jpg
Fødd 19. november 1921
Kristiania
Død

20. januar 1998
Bærum

Yrke designar

UtdanningEndra

Han var utdanna ved Statens håndverk- og kunstindustriskole i Oslo 1938–1941.

ArbeidEndra

Frå 1947 til 1955 var han glasteiknar for Christiania Glasmagasin. Han formgav der gravyrar for vasar og fat, men etterkvart også eigna emne for desse dekorane, altså ulike vasar, fat, pokalar og anna som vart framstilt ved Hadeland Glassverk. Då Hadeland Glassverk byrja K-glasserien i 1952 utnytta Bongard høvet til å byrje å eksperimentera med fargar og teknikkar og han formgav ein del kunstglas. Han teikna også nokre drikkeglasseriar, til dømes Hermann, Ambassadør, Liqueur og Tullik.

Frå 1955 til 1960 arbeidde han frilans som brukskunst- og industriformgjevar. Han arbeidde mellom anna som konsulent for Figgjo Fajanse og formgav modellar og dekorar for dei, mellom anna serviset A la carte. For Oslo sølvvareverksted teikna han sølvbestikket Taffel.

Frå 1960 til 1964 var han kunstnarleg leiar for Brukskunstorganisajonen PLUS i Fredrikstad.

Frå 1966 til 1968 var han formgjevingssjef hjå J.W.Cappelens Forlag.

I 1968 vart han tilsett som lærar ved Grafisk avdeling på Statens håndverk- og kunstindustriskole, og i 1971 vart han overlærar same stad. Han fekk også statens arbeidsstipend for kunstnarar det året.

Han arbeidde også i tre, stål, smijern, tinn, manilarøyr og anna. Han teikna pengesetlar og formgav firmaemblem og han arbeidde med grafikk.

Prisar og utmerkingarEndra

  • 1950 Vann open konkurranse om porselensservise utlyst av Stavanger Fayancefabrik
  • 1954 Gull- og sølvmedalje på Triennalen i Milano
  • 1956 Vann open konkurranse om formgjeving av rustfritt stål utlyst av Polaris Fabrikker i Sandnes
  • 1957 Lunningprisen
  • 1969 Den norske Bokkunstprisen

Representert ved desse samlinganeEndra

Meir å leseEndra

  • Red. Lauritz Opstad - Tegneren Hermann Bongard (Navn i norsk brukskunst)

BakgrunnsstoffEndra