Hestad kapell

kyrkjebygg i Gaular kommune
For Hæstad kapell i Dønna, sjå Hæstad kyrkje

Hestad kapell, lokalt òg kalla Øyrakyrkja, står på den smale Øyratangen som skil Hestadfjorden frå Viksdalsvatnet i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei lita langkyrkje frå 1805. Delar av den førre kyrkja, ei stavkyrkje frå mellomalderen, vart brukt då kapellet vart sett opp.[1]

Hestad kapell
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Viksdalen
Fellesråd Gaular
Lengd Utvendig: 13 m x 5,5 m m
Type Langkyrkje
Teknikk Lafta
Innvigd 1805
 - Endringar Tak og tårn endra i 1864, etter stormskade
Sitjeplassar 60
Diverse Eigd av Fortidsminneforeninga
Kart
Hestad kapell
61°19′45″N 5°56′11″E / 61.3292°N 5.9363°E / 61.3292; 5.9363
Wikimedia Commons: Hestad kapell
Hestad kapell is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Hestad kapell

Skipet og koret er lafta medan våpenhuset er stavbygd. Kapellet er truleg sett opp på dugnad av bygdefolket.[2]

Det tidlegaste ein finn Hestad-kapellet nemnd i kjeldene er 1327. Då vert det omtald som Capella de herstadum i eit paveleg rekneskap. I Bergen Kalvskinn frå kring 1350 står Hedinstada kirkia nemnd.[2]

Kapellet har sidan 1917 vore eigd av Fortidsminneforeninga, og det fungerer som museumskyrkje i tillegg til at det plar verte halde nokre få faste gudstenester i det om året. Det kan òg haldast bryllaup og dåpsgudstenester der.[3]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre