Hestevogn er ei vogn som vert dregen av ein eller fleire hestar. Ein kan nytta alt frå ein hest til eit spann på fire, seks, eller fleire hestar. Det finst eit utal ulike vogner for hest, både for transport av gods og folk. Tidlegare var dette ein vanleg transportmetode over heile verda, men i dag er dei for det meste erstatta av motorisert transport. Bortsett frå i visse samfunn vert hestevogner no stort sett berre nytta i samband med spesielle høve, som bryllaup og paradar, hesteløp og turisme.

Vogn trekt av to hestar med skylappar i Drongengoedbos i Belgia.
Hest med mjølkevogn i New Orleans i 1903.

Nokre vogntypar endre

  • Bikkvogn, einaksla vogn som kan tippast
  • Diligence, lukka, firhjula vogn dregen av minst to hestar
  • Gigg, tohjult einspent hestevogn
  • Kalesjevogn, lett firehjuls vogn med kalesje
  • Karét, stor, lukka vogn eller gallavogn
  • Karjol, lett tohjulsvogn for éin person og skysskar
  • Landauer, firehjult kalesjevogn trekt av to hestar
  • Prærievogn, overdekt vogn brukt av nybyggjarar i Nord-Amerika
  • Sledevogn, vogn som også kan brukast som slede
  • Sulky, lett tohjult vogn brukt til travkøyring
  • Teltvogn, vogn med tak av lerret eller liknande til lengre reiser
  • Trille, lett firhjula vogn
  • Troika, russisk vogn trekt av tre hestar

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hestevogn