Hewlett-Packard
Hewlett-Packard Company (HP) er eit føretak i USA som hovudsakleg produserer datamaskiner, skrivarar, digitalkamera og PDA-ar.
Hewlett-Packard | |||
| |||
| |||
Bransje | Maskinvare, informasjonsteknologi | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1. januar 1939 | ||
Hovudkontor | Palo Alto | ||
Land | USA[1] | ||
Produkt | skrivar, programvare, digitalkamera, skanner, nettbrett, mobiltelefon, pocket computer, datamaskin, bærbar datamaskin, nettverksutstyr, maskinvare, personleg datamaskin, smarttelefon, tenarmaskin, dataminne, systems integrator | ||
Grunnleggjar(ar) | William Redington Hewlett, David Packard | ||
Adm.dir. | Meg Whitman (22. september 2011) | ||
Resultat | 5 014 000 000 USA-dollar (2014) | ||
Nettstad | https://hp.com (engelsk) |
Historie
endreFøretaket vart grunnlagt i 1939 i ein garasje av Bill Hewlett og Dave Packard. Det fyrste produktet deira var ein god tonegenerator til ein låg pris. Ein tidleg stor ordre gjekk til Walt Disney Productions som trong verktøy til å lage musikken til filmen Fantasia. Føretaket utvikla og selde kvalifiserte elektroniske instrument og -utrustingar for forsking, undervising og industri i elektronikkbransjen. Etter kvart vart òg den medisinska sida ein stor kunde.
I byrjinga av september 2001 kom beskjeden om at HP gjennom eit aksjeutbytte kom til å kjøpe føretaket Compaq for om lag 20 milliardar amerkanske dollar. Dermed var eit av dei største oppkjøpa i dataindustrien eit faktum.
HP har vokse gjennom eigen tilvekst og gjennom oppkjøp av Apollo Computer i 1989, Convex Computer i 1995 og Compaq i 2002. Compaq hadde igjen kjøpt Tandem Computers (1997) og Digital Equipment Corporation (1998).
HP tok òg over Compaq si rolle som ein av BMW WilliamsF1 Team sine hovudsponsorar.
Kjelder
endre- ↑ https://www.grid.ac/institutes/grid.418547.b; GRID; GRID-identifikator: grid.418547.b; vitjingsdato: 1. juni 2020.