Hey Hey What Can I Do
Hey Hey What Can I Do Singel av Led Zeppelin | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. november 1970 | |
Innspelt | Island Studios i London 1970 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 3:55 | |
Selskap | Atlantic | |
Låtskrivar(ar) | Robert Plant Jimmy Page John Paul Jones John Bonham | |
Produsent | Jimmy Page | |
Led Zeppelin-kronologi | ||
«Whole Lotta Love» / «Living Loving Maid (She's Just a Woman)» (1969) |
Hey Hey What Can I Do | «Black Dog» / «Misty Mountain Hop» (1971)
|
«Hey Hey What Can I Do» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin gjeven ut som B-sida til «Immigrant Song» i 1970. Det er den einaste songen Led Zeppelin gav ut medan bandet eksisterte som ikkje kom ut på eit album. Han vart derimot gjeven ut på samleplata The New Age of Atlantic med forskjellige artistar i Storbritannia i 1972, der singelen ikkje vart gjeven ut. Songen vart sidan gjeven ut i plateboksen Led Zeppelin i 1990 og i 1993 vart han gjeven ut på The Complete Studio Recordings, ei samling på 10 CDar, samt som ein av fire bonusspor på ei utgåve av Coda.
Medverkande
endreAndre versjonar
endreFleire andre band har òg spelt inn songen:
- Jimmy Page og The Black Crowes spela songen under turneen deira i 2000 og dette kom ut på albumet Live at the Greek.
- The Hold Steady
- Hootie & the Blowfish
- Dread Zeppelin
- Robert Plant spela songen på turneen sin i lag med Alison Krauss i april og mai 2008.
- Weinland
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hey Hey What Can I Do» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, by Chris Welch, ISBN 1-56025-818-7
- The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, by Dave Lewis, ISBN 0-7119-3528-9