Hieronymus Heyerdahl
Hieronymus Heyerdahl (31. august 1773–6. mars 1847) var ein norsk prest og stortingsmann.
Hieronymus Heyerdahl | |||
Hieronymus Heyerdahl med Nordstjerneordenen og Dannebrogordenen på brystet. Måleri av Christian Olsen etter ein miniatyr. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814. | |||
Fødd | 31. august 1773 Aremark kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 6. mars 1847 Gran kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | prest, politikar, geolog | ||
Alma mater | Københavns Universitet | ||
Ektefelle | Sophie Fredrikke Johansdatter Schwabe | ||
Barn | Fredrikke Dorothea Hieronymusdatter Heyerdahl | ||
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Liv
endreHeyerdahl var fødd i Aremark, der far hans var sorenskrivar. Han gjekk på latinskulen i Kristiania, og vart student i 1790. I 1794 fullførte han si teologiske utdanning og vart cand. theol. Året etter personleg kapellan i Ringsaker, frå 1799 i lik stilling i Kongsberg. I 1800 utnemnd til residerande kapellan i Toten. Her var han 1804-08 samstundes styrar for eit lærarseminar, einelærar 1804-07. I 1811 oppheldt han seg i København og søkte på embetsstillingar. I 1812 vart Heyerdahl utnemnd til sokneprest i Stjørdal. I dette embetet vart han verande i 23 år, til han i 1835 vart sokneprest i Gran.
Heyerdahl var utsending frå Nordre Trondhjems amt til riksforsamlinga i 1814. Han slutta seg til sjølvstendepartiet, sat i konstitusjonskomiteen.
Heyerdahl var ein dei fremste opplysningsprestane. Ved sidan av prestegjerninga studerte han mineralogi medan han budde i Kongsberg og botanikk i Stjørdal. Dessutan var han ein flink jordbrukar. Han føretok ei rekke vitskaplege undersøkingar, nokre av desse vart publisert.
Han døydde på prestegarden i Gran.
Utmerkingar
endreI 1811 fekk Heyerdahl riddarkrossen av Dannebrogordenen og same år blei han medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. I 1825 fekk han Nordstjerneordenen av kong Karl III Johan.[1]
Bibliografi
endre- Bidrag til en mineralogisk-geognostisk Beskrivelse over Ringsagers og Totens Præstegjelde, 1811
Kjelder
endre- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Dansk biografisk leksikon
- Hieronymus Heyerdahl frå Eidsvoll 1814
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk informasjon om Hieronymus Heyerdahl NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv