Historiske vandreruter
Historiske vandreruter er eit samarbeid mellom Den Norske Turistforening og Riksantikvaren i Friluftslivets år 2015 for å auke kjennskapen til gamle ferdsleruter med kvalitetar knytte til kulturhistorie og friluftsliv, og auke bruken av desse vandrerutene. Sju ulike ruter blir merka og lansert i 2015.
Heilt frå dei tidlegaste busetnadene har det vore ferdslevegar til lands og over sjø og vatn i mykje av det som no er landet Noreg. Det gjekk meir eller mindre faste ruter over fjellvidder, gjennom skogstrekningar og på eller i tilknyting til sjøar, fjordar og vassdrag, og soleis vart bygder, grender, gardar, handels- og marknadsplassar og så bortetter, knytte saman. Både bønder, handelsmenn, fiskarar, embetsmenn, pilegrimar, postførarar, handverkarar, gjøglarar, omstreifarar og folk av mange andre ulike kategoriar har gjort seg nytte av dei gamle rutene. I den tidlege fotturismens tid vart det dessutan etablert nye ruter der naturopplevingane stod som det sentrale. Under okkupasjonen av Noreg under den andre verdskrigen oppstod det dessutan flyktningruter over til Sverige.
Heilt fram på 1800-talet var mange av dei viktigaste ferdslevegane over land ikkje anna enn stigar, sleper og tråkk, og fleire av dei er forsvunne for lang tid sidan. Men likevel er det mange ruter og minne etter ferdslevegar att, og mange gamle vegfar høyrer no til det fotrutenettet som Den Norske Turistforening held oppe ved skjøtsel, merking og rydding i terrenget, og ved at dei er teikna inn på kart over dei einskilde områda. Den ferdsla som foreininga sitt rutenett gjev opphavet til, gjer soleis sitt til at mange gamle ferdslevegar vert tekne vare på.
Historiske vandreruter med lansering i 2015
endre- Brudleruta ( Vest-Agder)
- Finnskogrunden (Hedmark)
- Flyktningruta (Oslo/Akershus)
- Jacobineruta (Akershus/Buskerud)
- Kamperhamrane (Oppland/Sogn- og Fjordane)
- Turistvegen over Folgefonna (Hordaland)
- Telegrafruta (Nordland)