Flyktningruta er namnet på ei fottur-rute, ei såkalla historisk vandrerute, som fylgjer ein av de rutene mellom Noreg og Sverige som vart nytta av kurerar og flyktningloser under den tyske okkupasjonen av Noreg under den andre verdskrigen for å få meldingar, ustyr eller personar over grensa i løyndom og skjul for okkupasjonsmakta og norske medløparar. Ruta er merka opp som tursti med blå merking og skilt, og er til saman om lag 120 kilometer lang.

Flyktningruta er skilta og oppmerka helt frå Skullerudstua i Østmarka i Oslo til Grenselosmuseet i Eidskog.
Norske flyktningar under andre verdskrigen passerer den breie grensegata som er hogd i skogen mellom grenserøysane for å markere riksgrensa mellom Noreg og Sverige.
Plassen Sollia i Enebakk ligg langs Flyktningruta og var Milorgbase under andre verdskrigen
Foto: Louise Brunborg-Næss

Flyktningeruta som oppmerka fottur-rute vart innvigd 9. juni 1995 i samband med jubileet for frigjeringa i 1945. I 2015 vart ruta merka på nytt og lansert som historisk vandrerute av lokalforeininga DNT Oslo og omegn i Den Norske Turistforening, Riksantikvaren og Foreningen Flyktningeruta. Ruta tek til ved Skullerudstua i Østmarka i Oslo og går austover gjennom kommunane Enebakk og Eidskog til Sverige. Langs ruta ligg det fleire hytter, koier, gardar og andre bygningar som vart nytta som skjul, til ly og til overnatting for flyktningar og kurerar, og fleire av dei er å rekne som kulturminne.

Ikring 50 000 nordmenn flykta til Sverige under andre verdskrigen. 250-300 av vart eskortert langs kurér-ruta Timian, ei rute som Milorg oppretta gjennom Østmarka i Oslo, der det elles for det meste vart frakta viktige meldingar, pengar og utstyr. Fottur-ruta Flyktningruta følgjer Timianruta fram til innsjøen Øyeren. Vidare austover går ruta frå Enebakkneset, gjennom Aurskog og fram til Norske Grenselosers Museum i ei lita nedlagd skulestove på Skjølåen i Eidskog. Ein avstikkar av fottur-ruta går inn til Skillingsmark i Sverige, der det var flyktningmottak under krigen.

Aust for Øyeren er fottur-ruta ei samansetting av fleire ruter som flyktningane hadde teke. Her var det aktivitet under heile krigen, både på private ruter og ruter som var organisert av Heimefronten, Milorg, og Den kommunistiske motstandsrørsla, Komorg. Desse rutene skapte eit nettverk som kunne nyttast på vegen til fridomen. Totalt kan 10-15 000 flyktningar ha teke seg over til Sverige i søndre parten av Hedmark og Akershus.

Bakgrunnsstoff

endre

Litteratur

endre
  • Diese, Terje: Milorg område 13130, i Søndre Aker Historielags Årbok for 1986
  • Berger, Aase. 1998. Flyktningelos i grenseland : loser fra Halden til Grue Finnskog under Andre verdenskrig. Lillehammer. ISBN 8278470375
  • Ødegård, Tronn: På flukt i Østmarka under krigen, i Medlemsblad for Østmarkas venner nr. 3/2005.
  • Lilleeng, Bjørn: Langs Flyktningeruta, i medlemsblad for Østensjø Historielag 10/2012.
  • Saugstad, Even. 2012. Østmarka fra A til Å, Oslo. ISBN 8299541565