Hjellegjerde
Hjellegjerde er eit norsk møbelkonsern. Morselskapet er Hjellegjerde ASA, og selskapet har salsselskap i Noreg, Tyskland, Storbritannia, Frankrike og USA. I Noreg har selskapet ein fabrikk i Sykkylven; Hjellegjerde Møbler AS. Hjellegjerde har òg produksjon i Litauen (Hjellegjerde Baltjia) og Thailand (Hjellegjerde Asia Co Ltd).
Hjellegjerde | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 933853101 | ||
Bransje | Møbelproduksjon, marknadsføring, utleige av eigedom m.m. | ||
Skipa | 1941 | ||
Morselskap | Hjellegjerde ASA | ||
Dotterselskap | Hjellegjerde Møbler AS Hjellegjerde AS Hjellegjerde Eiendom AS Hove Møbler AS Hjellegjerde Skandinavia AS Hjellegjerde Uk Ltd Hjellegjerde Asia Co Ltd Hjellegjerde Baltija Uab Fjords Europe Gmbh Fjords Usa Inc Fjords France Sarl | ||
Hovudkontor | Sykkylven | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | Sittemøblar | ||
Styreleiar | Lars Andreas Buer | ||
Adm.dir. | Olav Inge Røyset | ||
Tilsette | Noreg: 140 (2008)[1] ASA: 6-10 | ||
Nettstad | http://hjellegjerde.no (norsk) |
Historie
endreHjellegjerde møbler vart etablert i 1941 av brørne Otto og Mindor Hjellegjerde i bygda Sykkylven i Møre og Romsdal. Bedrifta starta med møbelproduksjon i kjellaren heime hjå Otto og Henny Hjellegjerde. I 1946 vart også den tredje broren, Ingvald Hjellegjerde med i firmaet.
Bedrifta har vore utsett for to brannar, den største av desse i 1981, der halvparten av fabrikken, ca. 4500 m2 gjekk tapt. Eit heilt livsverk gjekk opp i røyk, men andre generasjon saman med dei tilsette klarte å rydde opp att etter brannen og få produksjonen i gang igjen. Allereie månaden etter var produksjonen i gang igjen. I 1981 opna fabrikken ein ny og moderne fabrikkbygning.
Dagens situasjon
endreSidan starten i 1941 og fram til i dag har Hjellegjerde gått frå å vere ei lita familiebedrift til å vere eit større børsnotert konsern med marknadspreiing over fleire kontinent; Europa, USA, Asia og Australia. Varemerket «Hjellegjerde» vert ofte målt til å vere det nest mest kjende i Noreg, og selskapet har ein sterk posisjon i heimemarknaden.[treng kjelde]
Selskapet har i løpet av 2000-talet flagga ut ein del av produksjonen. Dette har kome på bakgrunn av høge produksjonskostnadar i Noreg samanlikna med andre land. Det er i dag produksjon av salongar og kvilestolar ved fabrikkane i Litauen og Thailand.
Varemerke
endre- Hjellegjerde® er felles varemerke for alle møblar produsert av konsernet.
- Fjords® blei lansert i januar 2006. Namnet skulle fungere som eit samlande marknadsnamn for selskapet sitt internasjonale program.
- Dsigned® dekker det skandinaviske modulsofakonseptet, dette er vidare inndelt i LivingTM, InlineTM og MantovaniTM
- Scansit® er selskapet sin kvilestolkolleksjon. Det meste av produksjonen foregår i Thailand.
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Hjellegjerde - heimeside