Hjelset
Hjelset er ein tettstad i Molde kommune. Tettstaden har 1 001 innbyggjarar per 1. januar 2024, ligg nord for Fannefjorden om lag to mil aust for Molde sentrum og har noko industri, ein del tenesteytande næringsverksemd og eit stort psykiatrisk sjukehus. Området er elles prega av jordbruk.
Hjelset | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Molde | ||
Areal | 1,01 km² | ||
Folketal | 1 001 (2024) | ||
Folketettleik | 991 / km² | ||
Postnummer | 6450 HJELSET | ||
Preposisjon | På Hjelset | ||
![]() Hjelset 62°46′49″N 7°29′33″E / 62.78027778°N 7.4925°E | |||
Wikimedia Commons: Hjelset |
Hjelset vert ofte delt inn i fleire mindre stader, som etter kvart har vokse saman til Hjelset. Dei to viktigaste er Hjelset og Skjevik, som tidlegare utgjorde kvar sin skulekrets. Skulane i området er slått saman til ei administrativ eining under namnet Skjevik barne- og ungdomsskule, der gamle Hjelset skule no berre har elevar frå første til fjerde klasse, medan resten er fordelt på bygningane til Vikamyra skule og Skjevik ungdomsskule, som begge ligg på Skjevikåsen.
Innbyggjarane på Hjelset soknar til Kleive kyrkje eller Røbekk kyrkje.
Riksveg 62 til Sunndalsøra tek av frå Europaveg 39 ved Hjelset.